Regnskapsfører / Økonomimedarbeider
EINARSEN EIGEDOM
- Frist Snarest
- Ansettelsesform Fast
Vil du ha ei nøkkelrolle innan økonomi og rekneskap i eit av Sogns leiiande eigedomsselskap?
Vi søker rekneskapsfører – med utvida rolle innan økonomi og utvikling
Einarsen Eigedom AS er eit av dei største eigedomsselskapa i Sogn og Fjordane. Vi eig og forvaltar ei variert portefølje på over 15 nærings- og bustadseigedomar, inkludert sentrale bygg som Sjøkanten, Bankbygget og Skysstasjonen i Sogndal. I tillegg til forvaltning driv vi også aktiv utvikling av store prosjekt som S37, Billagstomti og Fjordheim - prosjekt som er med på å forme framtida for Sogndal kommune..
No søkjer vi ein rekneskapsfører/økonomimedarbeider som kan ta ansvar for løpande rekneskapsføring, samstundes som du får ei utvida rolle innan økonomiske analysar, prosjektoppfølging og vidare utvikling av selskapet sine rutinar og system. Du blir del av eit lite og engasjert team (vi er i dag totalt 8 tilsette), og rapporterer direkte til dagleg leiar.
Arbeidsoppgåver
Ansvar for løpande rekneskapsføring (inkl. fakturering, lønn, mva og anna relevant arbeid)
Utarbeide månadsrapportar og nøkkeltal
Gjere økonomiske analysar knytt til drift, prosjekt, erverv og utviklingsprosjekt
Budsjettarbeid og likviditetsoppfølging
Delta i dialog med bank og andre finansielle aktørar
Ansvarleg for oppfølging mot revisor
Bidra til vidare digitalisering og effektivisering av selskapet
GDPR-ansvar
Anna førefallande arbeid innan økonomi og administrasjon
Kvalifikasjonar
Utdanning innan rekneskap, økonomi eller revisjon (bachelor eller høgare)
Erfaring frå liknande rolle, gjerne frå eigedomsbransjen
God kjennskap til moderne rekneskapssystem og digitale verktøy
Strukturert, nøyaktig og sjølvstendig i arbeidsform
Gode munnlege og skriftlege ferdigheiter i norsk
Vi tilbyr
Ei sentral rolle i eit selskap i sterk utvikling
Moglegheit til å påverke både arbeidsmetodar og selskapet si vidare vekst
Varierte oppgåver som spenner frå rekneskapsføring til prosjektøkonomi
Konkurransedyktige vilkår og fleksibel arbeidstid
Trivelege lokale i Sogndal og eit godt arbeidsmiljø
Arbeidsstad: Sogndal
Søknadsfrist: 07.09.2025
Tiltreding: Etter Avtale
Har du spørsmål til stillinga, ta gjerne kontakt med dagleg leiar Frode Einarsen på 90636599 eller frode@einarseneigedom.no.
Ferdigheter
- Årsoppgave
- Avstemming av kontoer
- Bokføring
- Budsjettarbeid
- Digitale ferdigheter
- Fakturering
- Likviditetsstyring
- Månedlige rapporter
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Einarsen Eigedom er eit familieeigd eigedomsselskap med røter tilbake til 1989. Sidan den gong har me utvikla oss frå ein liten landhandel i hjartet av Sogndalsfjøra til å bli ein sentral aktør innan eigedomsforvaltning og utvikling. I dag vert selskapet leia av andre generasjon i familien, som byggjer vidare på solide verdiar og visjonen om å vere ein påliteleg og framtidsretta samarbeidspartnar.
Me forvaltar og utviklar ein variert portefølje på om lag 30.000 kvadratmeter innan lager, handel, kontor, energistasjonar, bustader og parkeringsplassar. I tillegg driftar og forvaltar me eigedom for eksterne eigarar, noko som styrkar posisjonen vår som ein viktig aktør i regionen.
Gjennom målretta utviklingsarbeid og strategiske investeringar skal me dei næraste åra utvikle ca 10.000 kvadratmeter ny næringseigedom og om lag 300 leilegheiter i Sogn. Samstundes har me ein tydeleg strategi om å kjøpe og investere i nye næringseigedomar som kan styrke porteføljen vår ytterlegare.
Me er opptekne av å skape attraktive og funksjonelle eigedomar som fremjar verdiskaping, aktivitet og trivsel – både for næringslivet og lokalsamfunnet. Vårt overordna mål er å vidareutvikle og byggje ein større eigedomsportefølje med hovudfokus på Vestland, der me kan bidra til berekraftig vekst og utvikling for framtida.
- Sektor: Privat
- Sted: Stedjevegen 38, 6856 Sogndal
- Bransje: Bygg og anlegg, Eiendom, Økonomi og regnskap
- Stillingsfunksjon: Analyse, Kontorarbeid, Økonomi og regnskap
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
økonomimedarbeidar, økonomistyring, budsjettarbeid, rekneskap, eigedomsbransjen
Einarsen Eigedom har sitt hovudsete i Sogndal (1/10)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 415903093
- Sist endret