Vassdragsteknisk ansvarleg (VTA)
Sunnhordland Kraftlag
- Frist 15.8.2025
- Ansettelsesform Fast
Vil du fremja sikkerheit ved vassdragsanlegg og førebygga skader på menneske, miljø og eigendom?
Sunnhordland kraftlag (SKL) søker ein vassdragsteknisk ansvarleg (VTA) som skal følga opp sikkerheita ved vassdragsanlegga våre. Stillinga inneber fagansvar for dei eksisterande vasskraftanlegga våre og vassdragsanlegg under utvikling og bygging. Det er òg mogleg å vera med og dyrka fram nye prosjekt, og bidra til å definera stillinga sjølv. SKL skal i gang med eit av dei største utbyggingsprosjekta i Noreg innan vasskraft, Blåfalli Fjellhaugen kraftverk, der VTA-miljøet har viktig kompetanse.
Vassdragsteknisk ansvarleg er fagleg ansvarleg for å følga opp lovpålagte krav i damsikkerheitsforskrifta og pålegg frå Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE). Det inneber mellom anna å halda oppdatert internkontrollsystem for vassdragsanlegg. Å sørga for at SKL etterlever krav til planlegging, prosjektering, bygging og revurdering av anlegga er òg del av ansvaret. Som VTA er ein også involvert i vedlikehalds-/rehabiliteringsprosjekt på dammar og vassvegar. VTA rapporterer til administrerande direktør i SKL og inngår i SKL si VTA-gruppe.
Kombinert med ein spennande og sjølvstendig jobb, blir du ein del av det høgt kompetente prosjektmiljøet i SKL.
Me ser etter deg som:
Har mastergrad/sivilingeniør innan byggfag, evt. teknologi-/maskinfag
Allereie er godkjent VTA (eit ynskje, men ikkje eit krav)
Har interesse og engasjement for vasskraft, fornybart, damsikkerheit og/eller omstillinga i energisektoren
Trivst med ansvar og har eit ønskje om å jobba med prosjekt
Sett pris på ein arbeidsdag i fjella innimellom
Jobbar sjølvstendig og strukturert, med høge krav til orden
Beherskar norsk flytande, både skriftleg og muntleg
Hos oss får du:
Ein meiningsfylt jobb i eit samla og sterkt team, som jobbar på tvers av faggrupper
Vera ein viktig brikke i gjennomføring av fleire store vasskraftutviklingsprosjekt
Ei rolle der du får mykje ansvar og får utfordra di eigen faglege kompetanse
Moglegheit til å påverka overgangen til det grøne skiftet
Gode personal- og velferdsordningar.
Arbeidsstad: Leirvik- Stord, Matre- Kvinnherad eller Litledalen- Etne
SKL verdset eit arbeidsmiljø der menneske med ulik bakgrunn, kulturell forståing og funksjonsvariasjon kan bidra til innovasjon, vekst og verdiskaping. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søka.
Nyutdanna med interesse for vasskraft blir òg oppmoda til å søka.
Det blir utført bakgrunnssjekk i samsvar med kraftberedskapsforskrifta på den som blir tilbydd jobben.
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Sunnhordland Kraftlag AS (SKL) er blant dei ti største produsentane av rein energi frå vass- og vindkraft i Norge. SKL produserer årleg omlag 3 200 GWh i Vestland og Rogaland fylke. Hovudkontoret er på Stord, med avdelingar i Matre, Kvinnherad og Litledalen, Etne. SKL har stort fokus på vekst innan fornybar energi og har fleire vasskraftverk under bygging og planlegging. SKL eig òg Midtfjellet Vindkraft i Fitjar kommune.
- Sektor: Privat
- Sted: 5414 Stord
- Bransje: Bygg og anlegg, Kraft og energi
- Stillingsfunksjon: Bygge- og anleggsteknikk, Bygningsfysikk, Vassdrag
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
vassdragsanlegg, sikkerheit, byggfag, teknologi, internkontrollsystem
Annonseinformasjon
- FINN-kode 415474372
- Sist endret