Lønnskonsulent
Klepp kommune
- Frist 03.08.2025
- Ansettelsesform Fast
Lønnskonsulent
Me ønskjer å styrkja laget og er på jakt etter ein ny medarbeidar i lønnsavdelinga.
Den me ser etter er gode til å jobba med både folk og tal. Du trivst med og ser viktigheita av rutinearbeid utan å vera heilt A4 .
Den mest sentrale oppgåva til stillinga er å sikra refusjonar, men også andre oppgåver knytte til lønnsfeltet. Me ønskjer også ein medarbeidar som har eit auge for å sjå forbetringsmoglegheiter i prosessar og rutinar
Arbeidsoppgåver
- Oppfølging av refusjonar og kommunikasjon med NAV
- Vedlikehalde, kontrollere og godkjenne fråvær
- Føre krav og mottak av sjuke- og foreldrepengar frå NAV
- Kontroll og godkjenning av reiserekningar
- Andre påfallande oppgåver kan verte lagt til stillinga
Kvalifikasjonar
- Relevant utdanning og erfaring
- Erfaring med lønn og kjennskap til relevant lovverk og tariffavtalar
- God data og systemforståelse
- Erfaring og interesse for digitale system
- Fortrinn med erfaring frå å jobba med Visma Enterprise
- Attestar og vitnemål:
Vi ber om at du lastar opp attestar og vitnemål i Pdf-format samen med søknaden din. Utanlandske vitnemål må vera godkjende av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) hkdir.no/utdanning-fra-utlandet. Utanlandske attestar må vera oversette til eit skandinavisk språk eller engelsk. Me gjer merksame på at dokumentasjon på mellom anna avtent verneplikt og omsorg for barn, eldre eller sjuke også kan gi utteljing på lønnsansiennitet.
Personlege eigenskapar
- Strukturert, nøyaktig, har eit auga for detaljar
- Tålmodig, serviceinnstilt, allsidig, lærevillig og positiv
- Evne til å jobbe sjølvstendig og i team
Vi tilbyr
Lønn etter kvalifikasjon og gjeldande avtaleverk
Godt arbeidsmiljø med fokus på fag og trivsel
Gode forsikrings- og pensjonsordningar (https://www.klp.no/pensjon/offentlig-tjenestepensjon-kort-fortalt)Gratis parkering
Treningstilskudd og bedriftsidrettslag
Gratis adgang i bassenget i Klepphallen, ved gitte tider
Bedriftskunstforening
Ordning med refusjon for behandling hos fysioterapeut og kiropraktor
FerdigheterAI-generert
- Behandle refusjoner
- Kjennskap til folketrygdens regelverk
- Kjennskap til offentlig virksomhet og lov - og avtaleverk
- Kontrollering av reiseregninger
- Kunnskap om relevante lover og forskrifter
- Lagre digitale data og systemer
- Reiseregninger
- Visma Lønn
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Klepp er den største av kommunane på Jæren, med over 21 000 innbyggarar og om lag 1800 tilsette. Me ligg sentralt til, med korte avstander både til Stavanger, Sandnes og Bryne.
Kommunen vår har dei flottaste strendene i heile regionen, me har ein spennande kulturhistorie, og ei god blanding av landbruk, industri og varehandel.
Visjonen vår er «Med blikk for alle». Me ønskjer tilsette som tek i eit tak, bryr seg og tenkjer fritt, og me oppmodar alle kvalifiserte til å søkja, uansett alder, kjønn, funksjonsevne, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn.
Me gjer merksam på at søkarlister kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Bedriftsvegen 4, 4353 Klepp stasjon
- Bransje: Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Kontor og administrasjon, Lønn, Regnskap
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Lønnsmedarbeider, VISMA, Refusjon NAV
Annonseinformasjon
- FINN-kode 415334997
- Sist endret