Mekanikar eller teknikar
Frydenbø Bil ASV AS
- Frist 10.8.2025
- Ansettelsesform Fast
Mekanikar eller teknikar – bli ein del av Frydenbø Bil Sogndal
Vil du jobbe med sterke bilmerke i eit inkluderande og profesjonelt miljø?
Frydenbø Bil i Sogndal søkjer ein ny mekanikar eller teknikar til teamet vårt. Vi tilbyr ein kvardag prega av samarbeid, trivsel og gode moglegheiter for utvikling, både fagleg og personleg.
Frydenbø Bil i Sogndal er ein fullskala Volkswagen-forhandlar, samt merkeverkstad for Audi og Skoda. Verkstaden vår ligg i moderne og godt utstyrte lokalar i Sogn Næringspark, og her får du jobbe med teknologien og produkta frå nokre av verdas mest kjende bilmerke. Vi legg stor vekt på verdiane våre – entusiastisk, ærleg og ansvarleg – og desse pregar både det daglege arbeidet vårt og korleis vi møter kundane våre.
Arbeidsoppgåver:
Service og vedlikehald
Diagnose og feilsøking
Reparasjonar og mekanisk arbeid
PKK
Montering av ekstrautstyr
Hos oss får du:
Fagleg og personleg utvikling – vi gir deg opplæring og kurs som gir deg moglegheiter for utvikling i bilfaget
Spennande arbeidsoppgåver – arbeid med nokre av verdas mest kjende bilmerke
Eit inkluderande arbeidsmiljø – trivsel og samarbeid står i fokus, og du får støtte frå erfarne kollegaer
Gode personalfordelar – konkurransedyktig løn, gode forsikringsordningar inkludert helseforsikring, støtte til trening, rabattar på bil og båt, samt tilgang til hytter/leilegheiter på Geilo, Maurseth, Svolvær og Mallorca
Vi ser etter deg som:
Har relevant fagbrev, fortrinnsvis bilmekanikar
Har god kunnskap om bil og interesse for faget
Er strukturert, engasjert og sjølvstendig
Er omgjengeleg og serviceinnstilt
Har fokus på å levere god kvalitet og skape gode kundeopplevingar
Har gode haldningar, viser fleksibilitet og evnar å stå på
Hos Frydenbø Bil i Sogndal blir du ein del av eit solid selskap med spennande utviklingsmoglegheiter og gode kollegaer.
Høyrast dette interessant ut? Send oss gjerne søknaden din, vi vurderer kandidatar fortløpande.
Har du spørsmål eller ønsker meir informasjon om stillinga? Ta gjerne kontakt med Servicemarkedssjef Rune Stølen.
Telefon 99 20 50 97
E-post: rune.stolen@moller.no
Søknadsfrist: 10. august 2025
FerdigheterAI-generert
- Mekaniske reparasjoner
- Servicearbeid
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Frydenbø består av to konsern med felles eiere, Frydenbø® Group og Frydenbø International. Frydenbø® Group består av virksomhetsområder; Bil, Eiendom, Maritim Industri og NXT. Frydenbø International består av Frydenbø Marine og Frydenbø GmbH.
Samlet sysselsetter Frydenbø-gruppen ca. 1000 ansatte og omsatte i 2023 for NOK 4,4 mrd. Frydenbø har sitt hovedkontor på Damsgård i Bergen. Frydenbøs kjerneverdier: entusiastisk, ærlig og ansvarlig. Visjon: "Skape verdier gjennom kvalitet og service i verdensklasse".
Frydenbø Bil er et av Vestlandets raskest voksende konsern og er bilforhandler av Volvo, Polestar, Zeekr, Audi, Skoda og Volkswagen. I tillegg er vi deleier i bruktbilkjeden MyCar. Konsernet hadde en omsetning på NOK 3,4 mrd. i 2023.
I 2022 kjøpte Frydenbø Bil Berge & Co, og Møller Bil Ålesund og Molde i 2023. Frydenbø Bil har nå bilforretninger i Mandal, Kristiansand, Bergen, Førde, Sogndal, Sandane, Stryn, Ørsta, Ålesund og Molde, samt merkeverksted i Måløy og Høyland. Vi er totalt 430 ansatte.
- Sektor: Privat
- Sted: Avsølevegen 15, 6857 Sogndal
- Bransje: Bil- og bildelproduksjon, Bil, kjøretøy og verksted, Butikk og varehandel
- Stillingsfunksjon: Mekaniker, Mekanikk og installasjon, Teknisk personell
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
bilmekaniker, tekniker, teknologi, Volkswagen, el-bil
(1/4)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 415299054
- Sist endret