Site Reliability Engineer - Datasenter
Helse Vest IKT
- Frist 03.08.2025
- Ansettelsesform Fast
Vil du vere med å utvikle Helse Vest sin private sky?
Vil du vere med å forme helseteknolog for framtida? Helse Vest IKT har ansvaret for helsedata og IT-drift for spesialisthelsetenesta i Rogaland og Vestland.
No søkar vi ein engasjert medarbeidar til vårt datasenterteam – ei nøkkelrolle i utviklinga av vår private sky.
Team Datasenter er ein del av seksjonen for Server og lagring i tenesteområdet Privat sky, og har ansvar for grunnmuren i vår IT-infrastruktur. Vi jobbar med alt frå datasenternettverk, NAS og SAN, til backup og fysisk drift av moderne datasenter i Bergen og Stavanger.
Vi ser no etter deg som brenn for automasjon og overvaking, og som ønsker å bidra til å vidareutvikle våre løysingar med verktøy som Ansible, Grafana og Prometheus. Du vil få moglegheit til å jobbe med nokon av dei mest avanserte teknologiane – i eit miljø prega av samarbeid, fagleg utvikling og høg grad av tillit.
Arbeidsoppgåver
- Utvikling av plattforma – automatisering og scripting.
- Utvikling og forbetring av overvakingsløysningar i Grafana.
- Innsamling og visualisering av data frå proprietære system.
- Bidra til kontinuerleg forbetring av IKT-sikkerheit.
- Kunnskapsdeling og dokumentasjon i tråd med GitOps-prinsipp.
Kvalifikasjonar
- Har høgare utdanning frå universitet eller høgskule innan IT, eller solid relevant arbeidserfaring som kan kompensere for dette.
- Har erfaring med Linux, kommandolinje, scripting og verktøy som Ansible og Grafana.
- Har erfaring frå drift i større miljø (ikkje eit krav).
- Kan sikkerheitsklarerast i samsvar med Verksemdsforskrifta §69.
- Er nysgjerrig, strukturert og har eit ønske om å gjere ein forskjell.
- Snakkar og skriv flytande norsk.
Personlege eigenskapar
- Har Linux på heimeserveren og trivast i terminalen.
- Automatiserer heller enn å gjere ting manuelt.
- Er hjelpsam, kunnskapsrik og likar å dele med andre.
- Har sans for struktur og kvalitet i arbeidet.
- Verdset eit godt arbeidsmiljø og bidreg med godt humør.
Vi tilbyr
Høyrest det givande ut å jobbe ein stad med eit inspirerande samfunnsoppdrag? Då vil vi snakke med deg! Hos oss får du:
- Moglegheita til å jobbe i eit stort og tverrfagleg miljø i ein banebrytande bransje
- Spennande og samfunnsnyttige oppgåver i ein av Norges mest komplekse IT-infrastrukturar
- Eit sterkt fagmiljø og moderne teknologiar frå øvste hylle
- Nye, flotte kontorlokale på Kronstad X i Bergen
- Gode moglegheiter for fagleg utvikling, kurs og konferansar
- Tilgang til Helse Vest sine kollektive avtalar og tilbod for tilsette
- Fleksible arbeidsordningar med fleksitid og moglegheit for heimekontor
- Lunsjpause inkludert i arbeidstida
- Løn etter avtale
- Medlemskap i KLP som sikrar gode pensjonsrettar
- Eit inkluderande og sosialt arbeidsmiljø med høg trivsel
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
FerdigheterAI-generert
- Ansible
- Automatisering
- Command-line tools
- Datasenter
- Linux
- Prometheus
- Sikkerhetsklarering
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Vi siktar mot å betre helsetenesta ved innovativ bruk av IKT-løysingar. Vi har som mål å innføre teknologi som gjer pasientbehandlinga på sjukehusa tryggare og meir effektiv. Vi er eit framtidsretta miljø som kontinuerleg samarbeider med sjukehusa for å hjelpe dei med innovative arbeidsmåtar. For å klare det, er vi avhengig av å vere ein variert miks av tilsette. I tillegg til teknologi- og IT-hovud, har vi mange flinke folk i stabs- og støttefunksjonar, og ikkje minst med helsefagleg bakgrunn.
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn, eller om du har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Vil du verte betre kjent med oss og lese meir om kva vi driver med? Gå inn på helse-vest-ikt.no
- Sektor: Offentlig
- Sted: Bjørnsons gate 29, 5052 Bergen
- Bransje: Helse og omsorg, IT
- Stillingsfunksjon: Drift/Operations
- Arbeidsspråk: Norsk
Annonseinformasjon
- FINN-kode 414905620
- Sist endret