Kommunedirektør
Etne kommune
- Frist 10.8.2025
- Ansettelsesform Fast
Etne kommune søkjer kommunedirektør
Vi søkjer ein trygg, tydeleg og samlande leiar med strategisk blikk og samfunnsengasjement.
Etne kommunen har eit rikt lokalsamfunn, kombinert med storslagen natur, gode levevilkår, eit bredt kultur- og fritidstilbod. Kommunen har dei siste åra markert seg offensivt og framtidsretta med satsing på m.a. bustadbygging, arealbruk, nyskapande aktivitetsområde, kultur, næringsliv og gunstige ordningar spesielt retta mot unge i etableringsfasen og barnefamiliar (https://www.etne.kommune.no/mittetne).
I Etne kommune er det skapt eit godt grunnlag for vidare utvikling og vi ønskjer ein kommunedirektør som vil forvalte dette potensialet vidare i tett samarbeid med folkevalgde, administrasjon, næringsliv og innbyggjarar. Etne kommune er ein veldriven kommune med god økonomisk styring, dyktige tilsette og engasjerte innbyggjarar.
Som andre kommunar står Etne ovanfor demografiske og økonomiske utfordringar i åra som kjem. Gjennom satsinga Etne 2030 Vegen til 2040 arbeidar kommunen målretta for berekraftig utvikling, lokal verdiskaping og langsiktig samfunnsbygging. Link til Etne 2030 Vegen til 2040: https://www.etne.kommune.no/api/presentation/v2/nye-innsyn/filer/v-e857a982__e852__4eeb__a914__f85d70e5a42b-1573861_1_A!d-2020075040!MqET1y
Som kommunedirektør vil du spele ei sentral rolle i å utvikle eit godt samspel mellom administrasjon, politiske organ og lokalsamfunnet – og bidra aktivt til å forme framtida for kommunen og regionen.
Vi ser etter ein leiar med gjennomføringskraft og entusiasme, som evnar å tenkje heilskapleg og langsiktig. Du byggjer tillit og relasjonar, og skapar eit ope og inkluderande klima – både internt i organisasjonen og i samspel med politisk leiing, næringsliv, frivilligheit og andre eksterne aktørar.
Etne kommune sine verdiar er: trygg, raus og engasjert!
Som kommunedirektør vil du ha ansvar for:
Leia og utvikle heile organisasjonen og ha det overordna ansvaret i kommunen
Sørgje for økonomisk styring og effektiv drift som sikrar driftsbalanse og økonomisk handlingsrom
Bidra til at Etne kommune blir oppfatta som ein attraktiv kommune å bu i, arbeide i og samarbeide med
Arbeide med tilrettelegging for god samfunns- og næringsutvikling
Sikre gode beslutningsgrunnlag for folkevalde organ og følgje opp politiske vedtak
Vidareutvikle interkommunalt og regionalt samarbeid
Bidra til godt samspel mellom administrasjon og politisk leiing
Kvalifikasjonar:
Relevant høgskule/universitetsutdanning
Særleg relevant erfaring kan kompensere for delar av utdanningskravet
Grundig innsikt og erfaring med økonomi- og verksemdstyring
Brei leiarerfaring frå større organisasjonar i offentleg eller privat verksemd
Forståing for samfunns- og næringsutvikling og grensesnitta mellom politikk og administrasjon
Forståing for handtering av media
God norskkunnskap, munnleg og skriftleg. Tenestemålet i Etne er nynorsk
Personlege eigenskapar:
Trygg, synleg og strategisk i leiarrolla
Du er god til å leia andre, skape retning og byggje kultur prega av tillit, samarbeid og utvikling
Du er ein sterk relasjonsbyggjar som skapar tillit på tvers av nivå, fagområde og interesser
Du tek initiativ, er handlingsorientert og har eit tydeleg fokus på gjennomføring
Strukturert og med analytiske evne
Du har god kommunikasjons- og formidlingsevne
Det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar ved tilsetjinga.
Etne kommune tilbyr:
Ei utfordrande og spennande leiarstilling i ein utviklingsretta kommune
Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
Ein inkluderande arbeidsplass med godt arbeidsmiljø
Løn etter avtale og gode forsikrings- og pensjonsordningar
Kontaktpersonar og søknadshandtering:
I samsvar med offentleglova §25 vil ei offentleg søkarliste vere tilgjengeleg etter at søknadsfristen er gått ut. Dersom du ønskjer å reservere deg frå søkarlista, må dette grunngivast. Vi gjer merksam på at opplysningar kan bli offentleggjorde sjølv om du har bedt om unntak. I så fall vil du bli varsla før offentleggjering.
Ta gjerne kontakt med vår rådgjevar i Madsen og Brekke Brit Skjølingstad, tlf. 902 73 340 eller Siv Tanja Ringstrand, tlf. 906 01 721, for ein uforpliktande og fortruleg samtale. Spørsmål om stillinga kan også rettast til ordførar Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim, tlf. 480 06 560.
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Etne kommune ligg sør i Vestland fylke og grensar til kommunane Kvinnherad, Ullensvang, Suldal, Vindafjord og Sauda. Etne kommune har ca. 270 årsverk / 440 tilsette. Tenestemålet er nynorsk. Etne kommune har om lag 4 100 innbyggjarar, med gode levekår for både unge og eldre og full barnehagedekning. Rundt halvparten av desse bur ved dei 2 tettstadane Etnesjøen og Skånevik.
Kommunen har arbeidsplassar innanfor landbruk, reiseliv, mekanisk industri, varehandel, service og ulike tenesteytande næringar. Kulturtilbodet er godt og variert, med flotte tilhøve for sport og friluftsliv. Etneelva er ei av dei mest attraktive lakseelvene på Vestlandet. Det er over 100 aktive lag og foreiningar i kommunen, så fritidstilboda er mange. Etnemarknaden, Skånevik Bluesfestival og Etne Cup er populære arrangement som samlar store folkemengder frå fjern og nær. Kjerneverdiane våre er: vær Trygg – Raus - Engasjert
For meir informasjon sjå www.etne.kommune.no
- Sektor: Offentlig
- Sted: Sjoarvegen 20, 5590 Etne
- Bransje: Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Ledelse, Økonomistyring og budsjettering, Samfunnsviter
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
økonomisk styring, relasjonsbyggjar, næringsutvikling, offentleg sektor, samfunnsengasjement
(1/9)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 414324241
- Sist endret