Tolldirektør
Finansdepartementet
- Frist 10.9.2025
- Ansettelsesform Fast
Tolldirektør
Om stillinga
Tolldirektøren har det faglege og administrative ansvaret for Tolletaten.
Stillinga som tolldirektør gjev ei unik moglegheit til å leie ei samfunnskritisk verksemd med stor nasjonal tyding. Tolldirektøren leier ein kompleks organisasjon som er til stades i heile landet for å bidra til at regler blir følgt når varer kryssar grensa inn og ut av Noreg. Etaten må vere i kontinuerleg utvikling for å tilpasse seg samfunnsutviklinga med nye reise- og handelsmønster, nye former for kriminalitet, teknologiutvikling, nytt regelverk og nye internasjonale avtalar. Tolldirektøren har ansvar for å digitalisere og modernisere så etaten blir meir effektiv, kontrollerer betre og legg godt til rette for bedriftene. Direktøren skal òg bidra til nasjonal beredskap, rettstryggleik og regelstyrt rettshandsaming. Direktøren skal leie etaten innanfor gjeldande lovverk og dei rammene som blir sette av Finansdepartementet.
Vi søkjer ein strategisk og samlande direktør med brei leiarerfaring på høgt nivå. Tolldirektøren skal sikre prioriteringar, kompetanse og kapasitet for å vareta samfunnsoppdraget til etaten.
Vi vektlegg vidare:
solid samfunnsforståing
solid rolleforståing og god innsikt i statsforvaltninga, sentrale avgjerdsprosessar og kva det vil seia å leie ein regelstyrt etat
utviklingskraft og gjennomføringsevne
trygg og tydeleg leiing
gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
god evne til å oppnå tillit både internt i organisasjonen og eksternt
evne til å handtere krevjande situasjonar, mellom anna i kriser og beredskapssituasjonar
relevant utdanning på masternivå
Annan informasjon
Stillinga er eit åremål for seks år med moglegheit for fornying éin gong. Stillinga krev tryggleiksklarering. Løn etter avtale.
Før søknadsfristen kan interesserte ta fortruleg kontakt med Ann-Kristin Nyrønning, tlf. 92 08 53 97/Knut Ole Tande, tlf. 91 65 61 04 i BackerSkeie eller ekspedisjonssjef Tina Engelsrud i Finansdepartementet, tlf. 93 02 80 74, e-post tina.engelsrud@fin.dep.no. Søknad med CV registrerast via «Karriere» på www.backerskeie.no innan 10. september 2025.
Etter at søknadsfristen har gått ut, blir det utarbeidd søkjarlister. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarar kan bli offentleggjorde sjølv om søkjarar har bede om å ikkje bli førte opp på den offentlege søkjarlista. Blir det aktuelt, tek vi kontakt før offentleggjering.
FerdigheterAI-generert
- Controlling
- Digitalisering
- Kjennskap til forvaltningslova
- Kjennskap til lovverk og regelverk
- Ledelse av administrative aktiviteter
- Offentlig administrasjon og forvaltning
- Strategisk ledelse
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Om Tolletaten
Samfunnsoppdraget til Tolletaten er å sikre at lover og reglar blir etterlevde når varer kryssar grensa. Tolletaten skal støtte samarbeidande styresmakter, som representant for heile staten på grensa.
Tolletaten har om lag 1600 tilsette og er lokalisert på 39 oppmøtestader.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Tollbugata 1, 0152 Oslo
- Bransje: Bank, finans og forsikring, Offentlig administrasjon, Politi og sikkerhet
- Stillingsfunksjon: Ledelse
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
tolldirektør, tolletaten
Annonseinformasjon
- FINN-kode 413165482
- Sist endret