
Produksjonsleiar
Lingalaks AS
- Frist 13.6.2025
- Ansettelsesform Fast
Lingalaks søkjer Produksjonsleiar
Vår noverande produksjonsleiar skal ta fatt på nye oppgåver i selskapet, og vi søkjer no etter ny produksjonsleiar som skal vera med å forme framtida vår innan berekraftig lakseproduksjon. Er du ein erfaren og framoverlent leiar, som har lyst å bidra i eit selskap som prioriterer kvalitet i alle arbeidsprosessar?
Om stillinga
Som produksjonsleiar i Lingalaks vil du ha overordna ansvar for produksjonen og sikre realisering av våre strategiske mål. Du vil vera ein del av leiargruppa og jobbe i tett samspel med driftsleiarar og lokalitetar, samt på tvers med heile organisasjonen.
Dine hovudoppgåver:
Planleggja, iverksette og leggja til rette for optimal og kostnadseffektiv produksjon og ressursutnytting.
Sikre utvikling og forbetringar i produksjonen.
Byggje gode team som trivst og skapar resultat.
Fokus på å fremja god HMS- og Kvalitetspraksis.
Budsjett - og resultatansvar.
Me søkjer deg som har:
Relevant høgare utdanning innan havbruk.
Minimum 5 års relevant leiarerfaring.
Erfaring frå drift av akvakulturanlegg, fortrinnsvis matfiskanlegg.
Sterkt engasjement og evne til å arbeide målretta operativt og strategisk.
Trivst i ein hektisk kvardag og bidrar til å skape eit trygt og tillitsbasert arbeidsmiljø.
Har gode kommunikasjons- og samarbeidseigenskaper.
Me tilbyr deg:
Spanande og varierte arbeidsoppgåver i eit framtidsretta selskap i rask utvikling.
Dynamisk, sosialt og godt arbeidsmiljø.
Ein sterk kultur med fokus på berekraft, innovasjon og kvalitet.
Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling.
Konkurransedyktige vilkår, inkludert forsikrings- og pensjonsordning.
Ynskjer du meir informasjon om stillinga? Ta kontakt med viseadministrerande direktør, Jan Øyri, tlf: 951 55 258.
Send søknaden din til oss innan 13. juni og bli med på reisa mot ei berekraftig og innovativ framtid!
Ferdigheter
- Akvakultur
- Avle opp matfisk
- Drifte og optimalisere produksjonslinjer
- Kvalitetsprosess
- Ledelseserfaring
- Ressursoptimalisering
- Strategisk ledelse
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Lingalaks er eit familieeigd og vestlandsbasert havbruksselskap med lang historie innan berekraftig produksjon av matfisk. Me er stolte av å forvalte og utvikle ei sterk arv i havbruksnæringa. Ærleg, kvalitet og framtidsretta er våre viktigaste verdiar som skal leia oss mot vår visjon som er å vera ei føregangsbedrift innan berekraftig lakseproduksjon. Føremålet vårt er å forsyne verda med sunn kvalitetslaks frå Vestlandsfjordane gjennom dyrehald i verdsklasse, og sikre at flinke folk kan bu på fine plassar ein er glad i.
Me ha produksjon på 16 ulike lokalitetar, med eit årleg volum på om lag 14.000 tonn.
Våre 60 dyktige tilsette har berekraft, innovasjon og teknologisk utvikling i høgsete for å møta framtidige utfordringar og bidra til ytterlegare vekst for selskapet. Me har som mål å auka vår produksjon i dei komande åra gjennom nyskaping, kvalitet og utvikling av nye produksjonsmetodar i sjø og på land.
- Sektor: Privat
- Sted: Grovabrotet 8, 5600 Norheimsund
- Bransje: Industri og produksjon
- Stillingsfunksjon: Ledelse, Produksjon
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
havbruk, leiarerfaring, matfiskanlegg, produksjon, budsjettansvar
(1/6)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 409977522
- Sist endret