Produksjonssjef
Tersan Havyard
- Frist snarest
- Ansettelsesform Fast
Er du ein inspirerande leiar som likar å være tett på produksjonen?
Tersan Havyard driv med nybygg, ombygging, service og vedlikehald av alle typar maritime konstruksjonar frå vår sentrale plassering ytst i Sognefjorden. Vi har gode fasilitetar for å utføre eit godt og effektivt arbeid, og har over 100 års erfaring med skipsbygging. På grunn av aukande aktivitet og ei solid ordrebok ser vi etter fleire medarbeidarar.
Som produksjonssjef vil du ha ei nøkkelrolle i å utvikle og optimalisere vår produksjon. Hjå oss vil du få moglegheita til å jobbe i eit innovativt miljø med spennande utfordringar og sterkt fokus på bærekraftig vekst.
Som Produksjonssjef har du det overordna ansvaret for produksjonen inkludert:
- leie og følge opp den daglege produksjonen, med ansvar for effektiv drift og kvalitet
- personalansvar for produksjonsleiinga - motivere, utvikle og bygge eit sterkt lag
- tett samarbeid med andre avdelingar
- sikre god planlegging og ressursutnytting
- bidra til kontinuerleg forbedring og utvikling av produksjonsprosessar og arbeidsrutiner
- sentral rolle i verksemdas leiargruppe
Me ser etter deg som har:
- relevant utdanning innan industri, den maritime bransjen eller produksjon
- leiarerfaring frå eit produksjonsmiljø, gjerne innan plate, røyr eller maskin
- god forståing for produksjonsstyring, HMS og kvalitetssystem
Me tilbyr:
- ei sentral leiarrolle i eit selskap i vekst
- anledning til å forme og utvikle produksjonen vidare
- konkurransedyktige betingelsar
- eit arbeidsmiljø prega av høg fagkompetanse og godt samarbeid
Arbeidsstad er Leirvik i Hyllestad.
Stillinga rapporterer til CEO i Tersan Havyard.
Søknadar vert gjennomgått fortløpande.
For meir informasjon om stillinga ta kontakt med
CEO: Sveinung Vestbø 992 07 225
Passar ikkje denne stillinga for deg, men du har likevel lyst å bli ein del av Tersan Havyard ? Me er alltid på jakt etter ny og spanande kompetanse, også dei med litt utradisjonell bakgrunn for bransjen vår. Send oss gjerne ein open søknad eller ta kontakt med Marita Lavik på marita.lavik@tersanhavyard.no
FerdigheterAI-generert
- Drifte og optimalisere produksjonslinjer
- Kontinuerlig forbedringsprosess (CIP)
- Kvalitetsstyringssystem
- Produksjonsprosesser
- Prosessutvikling (forretningsprosesser)
- Teknisk utdannelse
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Gjennom generasjoner har godt handverk vært vårt varemerke, og våre løsninger reduserer utslipp og øker levetid på skip og utstyr. Med innebygd tørrdokk og 220 løpemeter med kai handterer vi 3-6 prosjekter parallelt av ulike størrelser, fra mindre servicer og vedlikehold til større nybygg
- Sektor: Privat
- Sted: Bøfjordvegen, 6953 Leirvik i Sogn
- Bransje: Maritim og offshore
- Stillingsfunksjon: Ledelse
Annonseinformasjon
- FINN-kode 409161492
- Sist endret