Produksjonsleiar (arbeidande formann)
Vestlamell AS
- Frist Snarest
- Ansettelsesform Fast
Vestlamell søkjer produksjonsleiar med nase for tre og kvalitet
Om stillinga:
Har du sans for kvalitet, folk og god produksjonsflyt? Vestlamell søkjer deg som kan halda oversikt, delta i produksjonen – og få maskinar og menneske til å dra i lag.
I denne jobben treng du ikkje vera stand-up-komikar, men ei viss evne til å prata med både kollegaer og kundar kjem godt med.
Antan du har lang fartstid innan trelastfaget eller kjem frå ein annan bransje, er det plass til deg som likar å gjera ting skikkeleg
Nyfiken? Les omvendt jobbintervju her! https://www.vestlamell.no/ledige-stillingar
Kvardagen din går ut på å:
Planleggja, prioritera og leia dagleg produksjon
Delta i produksjonen
Følgja opp ordrar og kvalitetsrutinar
Sørgja for tryggleik, struktur og HMS
Vera pådrivar for utvikling: Me veks, og rett person kjem til å bidra i denne prosessen
Kven er du?
Du vil trivast god hjå oss om du:
er hyggjeleg og nysgjerrig, og likar å arbeida med både folk og maskinar
ønskjer å vera med og utvikla deg sjølv, teamet og produksjonen
kan kommunisera godt med kollegaer og kundar
Dette får du hjå oss
Me tilpassar opplæringa, og du er inkludert frå dag éin. I tillegg tilbyr me:
Eit triveleg, kompetent og lærande arbeidsmiljø, også gjennom bransjenettverket Norske Trevarer
Ein arbeidsgivar som heiar på initiativ og forbetringar
Fagleg utvikling og vidareutdanning
Pensjon på 4 %
Ferdigheter
- Ansvarlig for produksjon og leveranse
- Drifte og optimalisere produksjonslinjer
- Environment, Health and Safety (EHS)
- Kvalitetsprosess
- Oppdragsansvar
- Utviklingsarbeid
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Vestlamell er ein norsk trevareprodusent med over 40 års erfaring. Me held til på Sand i Ryfylke, der me produserer komponentar i furu, eik, accoya og ask for kvalitetsbevisste vindus- og dørprodusentar over heile landet.
Du finn skreddarsydde trekomponentar frå Vestlamell i alt frå arkitektteikna bustader og hytter, til restaurerte bygardar og spesialbygg. Me er for tida fem tilsette, og ser nå etter ein ny kollega som vil vera med i utviklinga av Vestlamell.
- Sektor: Privat
- Sted: Garaneset 30, 4230 Sand
- Bransje: Bygg og anlegg, Industri og produksjon, Trevareindustri
- Stillingsfunksjon: Produksjon, Produksjonsteknikk/Prosessteknikk, Produktledelse
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
produksjon, produksjonsleder, trelast, trevare, trelastfaget
(1/4)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 407970241
- Sist endret