Rådgivar grovfôr
Norsk Landbruksrådgiving SA
- Frist 1.6.2025
- Ansettelsesform Fast
Norsk Landbruksrådgiving SA søkjer grovfôrrådgivar i Nord-Gudbrandsdal
Vil du bli ein del av landbrukets viktigaste kompetansebedrift? NLR har ledig inntil 100 % fast stilling, innan fagområdet grovfôr. Rådgivaren skal betene produsentar i kommunane Skjåk, Lom, Vågå, Lesja og Dovre. Kontorstad kan bli tilpassa etter kvar kandidaten bur.
Gjer ein skilnad – kvar dag!
I NLR SA står du midt i utviklinga av norsk matproduksjon. Du vil vere med å påverke retningsval og produksjon hjå næringsutøvarar i landbruket, og dermed gje eit viktig bidrag til utviklinga av landbruket og maten vi alle er avhengige av kvar einaste dag.
Vi i NLR er nysgjerrige på å finne nye og betre måtar å hjelpe kundane våre på! Våre tilsette sin fagkompetanse og vilje til utvikling, er avgjerande for å lukkast med oppdraget vårt. Vi tek godt vare på folka våre, og oppmuntrar og legg til rette for personleg- og fagleg utvikling.
Kven leitar vi etter?
Vi søkjer ein sjølvstendig og initiativrik person med gode evner til skriftleg og munnleg kommunikasjon. Du trivst med ein variert arbeidsdag, mykje utearbeid om sommaren og har eit sterkt engasjement for agronomi og god drift hjå bonden.
Du må ha høgare landbruksfagleg utdanning og/eller relevant landbruksfagleg erfaring. Vi oppmodar også erfarne produsentar om å søkje stillinga. Søkjar må ha førarkort klasse B og disponere bil.
Arbeidsoppgåver:
Medlemsrådgiving, individuelt og i grupper
Planleggje og gjennomføre fagmøte, kurs, prosjekt og feltforsøk
Utarbeide gjødlingsplanar og ta jordprøver
Skrive artiklar til nettsider og fagblad
Andre moglege arbeidsområde kan vere plantevernkurs, økologisk landbruk, klimarådgiving og grovfôrøkonomi, avhengig av søkjaren sine interesser og kompetanse
Vi tilbyr:
Inntil 100 % fast stilling.
Fagleg utfordrande arbeid i eit aktivt og godt arbeidsmiljø
Stor grad av sjølvstende og fleksibilitet
Triveleg arbeidsmiljø
Løn etter avtale
Gode pensjon- og forsikringsordningar
Ferdigheter
- Forfatte artikler
- Jordbruksproduksjon
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Norsk Landbruksrådgiving SA (NLR) er eit landsdekkande samvirkeforetak med 24.000 medlemmar og 400 medarbeidarar. Med 6 regionavdelingar og rundt 100 kontorstader, har NLR sterkt lokalt nærvær. NLR er bindeledd mellom forsking og landbruket, og innhentar, utviklar og samordnar kunnskap som rådgjevarane formidlar til næringsutøvarar i landbruket.
Våre tilsette jobbar med rådgjeving og utviklingsoppgåver innan jord- og planteproduksjon, økonomi, rekneskap, HMS, maskinteknikk, hydroteknikk, presisjonslandbruk, landbruksbygg, fornybar energi, klima og miljø. Vår visjon er “kompetanse for framtida”. Vi leverer aktuell, kunnskapsbasert, objektiv og heilskapleg rådgjeving og er ein attraktiv samarbeidspartnar for landbruket.
- Sektor: Samvirke
- Sted: 2686 Lom
- Bransje: Jordbruk og skogbruk, Konsulent og rådgivning
- Stillingsfunksjon: Agronom, Rådgivning
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
nlr, landbruk, grovfôr, jordbruk, rådgivar
(1/5)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 407953857
- Sist endret