Tenesteleiar Måløy miljøteneste
Kinn kommune
- Frist 8.6.2025
- Ansettelsesform Fast
Vil du leie vårt dyktige lag på Måløy miljøteneste?
Kinn kommune er ein heimetenestekommune, og satsar på kvardagsmeistring og velfersdteknologi. Som tenesteleiar blir du del av eit leiarnettverk som blir leia av kommunalsjef Helse og velferd. I nettverket er det er totalt 16 tenesteleiarar og 1 rådgjevarar/ nestleiar som er ansvarleg for at kvaliteten på tenestane til brukarane er gode, og i samsvar med dei mål Kinn kommune har satt.
Tenesta og dagsenteret har base på Vågsøy Omsorgssenter. Du får ansvar for Måløy Miljøteneste, avlastning til barn og unge og dagsenter for miljøtenesta i lag med avdelingsleiar. Tenesta har dyktige tilsette som er fag- eller høgskuleutdanna i alle stillingar. Kinn kommune har kompetanselønnssystem som godtgjer tilleggsutdanning. Vi nyttar årsturnus.
ArbeidsoppgåverSom tenesteleiar har du ansvar for å utvikle eit kreativt og kunnskapsbasert arbeidsmiljø i miljøtenesta og dagsenter for miljøtenensta. Du er leiar og hovudansvarleg for god omdømebygging. Du i samråd medarbeidarar har ansvar for at kvaliteten på tenesta som skal utøvast til brukerane er gode og samsvarar med dei mål Kinn kommune har satt.
Tenesteleiar har eit heilskapleg ansvar for sitt område i høve:
Planlegging, kvalitet og fagutvikling
Sakshandsaming
Økonomi -budsjettstyring
Leiing og personalansvar
Tenesteleiar rapporterer direkte til kommunalsjef for helse og velferd.
Kvalifikasjonar3 årig høgskule eller meir innan helse og omsorgsfag
Du må ha leiarerfaring og det er ynskjeleg med vidareutdanning i leiing
Du må ha god datakompetanse, og kunne bruke våre fagsystem som er Cos Doc ,RS, Framsikt og WebSak.
Du må ha god økonomiforståing, og kunne styre etter tildelt ramme. Gjerne erfaring og kompetanse i tverrfagleg samarbeid og teamarbeid.
Personlege eigenskaparEr lojal og har evne til å gjennomføre politiske og administrative avgjerder
Har gode kommunikasjonsevner og sosial kompetanse
Likar endring og er god på å leie sine medarbeidarar gjennom endringsprosesser
Kan jobbe sjølvstendig
Er fleksibel, kreativ, nytenkjande og løysingsorientert
Likar å ha ansvar, tek ansvar og ansvarleggjer tilsette
Ein kompetansearbeidsplass der du får vere med å utvikle tenestene saman med andre
Samarbeid med mange motiverte og godt kvalifiserte medarbeidarar
Svært varierte arbeidsdagar der du i stor grad styrer eigen arbeidsdag
Høve til personleg utvikling og fagleg etter- og vidareutdanning
Vi har rutine på korleis nye leiarar får oppfølging og rettleiing
Systematisk etisk refleksjon for leiarar
God pensjonsordning i KLP
Løn etter kompetanse
Ferdigheter
- Budsjett- og økonomioppfølging
- Forbedre og utvikle tjenestene
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
I Kinn har vi gode fungerande lokalsamfunn, der vi realiserer det store potensiale på kysten, flotte bu- og fritidsområde og ei berekraftig utvikling. Vi er ein av dei største kommunane i Vestland fylke med våre 17.419 innbyggarar. Som arbeidsgjevar har vi med oss 1632 tilsette, og vi ønskjer deg velkommen med på laget. I alle stillingar knytta til helse og velferd og alle stillingar i oppvekst - må tilsette pårekne koordinatoransvar.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Gate 1, 120, 6700 Måløy
- Bransje: Helse og omsorg, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Helsepersonell, Ledelse, Omsorg og sosialt arbeid
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
tenesteleiar, velferdsteknologi, teamarbeid, omsorg, kvalitet
Annonseinformasjon
- FINN-kode 407952996
- Sist endret