Administrasjonsmedarbeidar
Ivar A. Sunde AS
- Frist Snarest
- Ansettelsesform Fast
Struktur, smil og stålkontroll – administrasjonsmedarbeidar søkjast!
Er du strukturert, sjølvstendig, og likar at det skjer fleire ting på ein gong? Er du ein person som trivst med å halde orden, takle fleire oppgåver samstundes, og samtidig har eit smil på lur til både kollegaer og kundar? Då kan det vere nettopp deg vi ser etter! Vi søkjer ein kontormedarbeidar til vårt kjekke og erfarne team. Hos oss får du ein variert arbeidskvardag og ei sentral rolle der du er med på å få hjula til å gå rundt.
Dette vil du gjere:
Besvare telefonar og e-post – Du er den første kontakten for kundane våre, og gir eit godt førsteinntrykk.
Fakturabehandling og kundeoppfølging – Du sørgjer for at det økonomiske er på stell, og at kundane våre føler seg ivaretekne.
HMS og KS dokumenthandtering – Vi har fokus på tryggleik og kvalitet, og du spelar ein viktig rolle i å halde styr på dokumentasjonen.
Enkel administrativ oppfølging og rutinar – Alt frå møtebooking til generelle administrasjonsoppgåver – du har full kontroll
Kven er du?
Du har erfaring frå liknande kontorstillingar, gjerne med erfaring innan bygg og anlegg. Men har du ikkje det, er ikkje det noko problem – vi set stor pris på lærevillige personar!
Du har kanskje eit fagbrev i kontor og administrasjon, men vi ønskjer oss i alle fall ein person som er strukturert, serviceinnstilt og god på å handtere fleire oppgåver på ein gong.
Du er ein initiativrik person som ikkje er redd for å ta ansvar og setje ting i gang.
Du vil jobbe tett med:
Dagleg leiar – Du får eit tett samarbeid med leiar, og får vere med på viktige avgjerder.
Rekneskapsførar – Du vil samarbeide nært med økonomiavdelinga for å sikre at alt går rett for seg økonomisk.
Prosjektleiarar – Du vil få innblikk i fleire ulike prosjekt og vere med på oppfølging av kundar og prosjekt
Kva kan vi tilby?
Fleksibilitet – Vi har faste arbeidstider (07:30–15:30), men er fleksible ved spesielle behov. Vi legg også til rette for heimekontor enkelte dagar.
Kjekk arbeidsplass – Kontorstad er Vassenden. Du blir ein del av eit triveleg og sosialt arbeidsmiljø med korte beslutningsvegar.
Stabilitet – Vi har over 50 års erfaring og er ein trygg og stabil arbeidsgivar.
Gratis parkering – Du har enkelt tilgjenge til parkering, og kontoret vårt ligg nær kollektivtransport.
Ordretilgangen er god – Vi ønskjer å styrke staben for å handtere veksten og nye moglegheiter som kjem vår veg.
Andre krav:
Førarkort klasse B
Stilling:
Fast, fulltids (50–100% etter avtale)
Er du den vi ser etter?
Vi er på utkikk etter den rette personen som kan vere med å styrke teamet vårt. Vi forbeheld oss retten til å ansette fritt uavhengig av dokumenterte kvalifikasjonar. For oss er det aller viktigaste arbeidslyst, arbeidsevne og arbeidsmotivasjon – og at du passar inn i det gode arbeidsmiljøet vårt! Vi ønskjer å ha den nye kontormedarbeidaren på plass så snart som mogleg – men vi ventar på den rette personen. Kan det være deg?
Ferdigheter
- Dokumentasjonsforvaltning
- Kontorledelse
- Saksbehandling fakturering
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Vi er ein solid og allsidig entreprenør med base i Sunnfjord – og har halde det gåande sidan 1972. Med over 48 år i bransjen og 11 dyktige tilsette, er vi eit lag med brei erfaring innan tømrararbeid, betong og grunnarbeid. Selskapet vart AS-registrert i 1997, og har sidan den gong hatt jamn drift og stabile arbeidsforhold.
Hos oss får du ein variert arbeidskvardag med oppdrag innan nybygg, tilbygg, rehabilitering, betongarbeid, mur og puss, kjærneborring og betongsaging, traktor- og gravearbeid, samt mindre kran- og sveisejobbar. Vi har eigne maskiner og utstyr, inkludert minimaskiner og helikopterfraktbar gravemaskin, som gjer at vi tek på oss både små og spesialiserte oppdrag.
Vi er stolte av det gode arbeidsmiljøet vårt – her er det kort veg mellom folk, og alle er med på å få jobben gjort. Fleire av dei tilsette har vore med oss i mange år, og vi legg vekt på tillit, ansvar og yrkesstoltheit. Vi samarbeider tett med lokale aktørar som Jølster Bygg AS, Jostein Sunde AS, Henden Elektro AS, Sunnfjord Betong AS, Førde Stål AS og Førde Bygg AS.
Hos oss får du høve til å utvikle deg fagleg, jobbe breitt og bli del av eit godt og erfarent team. Kanskje blir du den neste på laget vårt?
- Sektor: Privat
- Sted: Hjelmbrekkevegen 5, 6847 Vassenden
- Hjemmekontor: Delvis hjemmekontor
- Bransje: Annet, Bygg og anlegg
- Stillingsfunksjon: Kontor og administrasjon, Kontorarbeid, Sekretær
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
administrasjon, heimekontor, kontor, administrasjonsmedarbeidar, kontormedarbeidar
Annonseinformasjon
- FINN-kode 405811744
- Sist endret