Psykiatrisk sjukepleiar
Ål Kommune
- Frist 11.5.2025
- Ansettelsesform Fast
Fagansvar i psykisk helse og rus, avdeling Meistring
Me søkjer ein fagleg ansvarleg for psykisk helse og rus for vaksne.
Er du den som vil bidra til å vidareutvikle ei kompetent, tilgjengeleg og førebyggjande teneste med fokus på gode lågterskel meistringstilbod?
Avdeling Meistring er ei tverrfagleg avdeling som gir tilbod innan fysio- og ergoterapi, Frisklivssentralen, psykisk helse og rus og dagsenter. Dette er lågterskeltenester der brukar sjølv kan ta kontakt for hjelp.
Avdelinga gir eit variert tenestetilbod avhengig av kva den enkelte treng. Dette kan omfatte råd og rettleiing, kurs, behandling, praktisk hjelp, ambulant oppfølging, omsorgsbustad og ulike aktivitetstilbod. Mange vert tilvist frå lege eller andre samarbeidspartar og me har godt etablert samarbeid med spesialisthelsetenesta.
Me er ei verksemd i utvikling som ynskjer at våre innbyggjarar skal ha ei dør inn til våre tenester der me er på lag med brukaren om målretta tenester som hjelper den enkelte til å meistre kvardagen.
Stillingsprosenten er 100 %, der 40 % vil vere fagleg ansvarleg og 60 % vil vere oppfølging av tenestemottakarar.
Ferdigheter
- Ergoterapi
- Pasientbehandling
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Drøymer du om å flytte til ei vakker fjellbygd? Ynskjer du deg eit godt kultur- og idrettstilbod, spennande jobbmoglegheiter og eit trygt oppvekstmiljø?
Då er du velkomen til Ål!
- Sektor: Offentlig
- Sted: Torget 1, 3570 Ål
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Psykiatri
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
psykisk helse, fagansvar, praktisk hjelp, lågterskel, tverrfagleg
Annonseinformasjon
- FINN-kode 404588791
- Sist endret