Lærar tilrettelagd opplæring
STE - Avd. Sosial gr.komp., Vestland fylkeskommune
- Frist 7.5.2025
- Ansettelsesform Fast
Arbeidsoppgåver
Denne stillinga vil i all hovudsak ha undervisninga si knytt til elevar på individuelle tiltak med hovudvekt på undervisning i fellesfag. Undervisninga vi vil være i HTH, HTA og praktiske gruppar. Å skrive IOP-ar og vurderingar, og aktivt bidra inn i det pedagogiske arbeidet på avdelinga.
Kvalifikasjonar
Relevant fagleg og pedagogisk kompetanse i dei fag ein skal undervise iPedagogisk utdanning
Relevant erfaring frå undervisning retta mot ungdom med lære- og åtferdsvanskar
Ynskjer å bidra aktivt i profesjonsfelleskapet
Personen må ha interesse og høg motivasjon for å drive undervisning for elevar med samansette vanskar, utviklingshemming og utagerande åtferd
Det er også ønskjeleg med kunnskapar og praktiske ferdigheiter innan naturbruk
Personlege eigenskapar
Vi søkjer etter ein utåtvend og samarbeidsvillig person som kan jobbe i team og utføre sjølvstendig arbeid i tråd med pedagogiske planar.Vi ønskjer ein lærar som har kompetanse og erfaring frå undervisning med ungdom som har store og samansette lærevanskar.
Ein er trygg, roleg og med tydeleg klasseleiing, samstundes som ein er god til å byggje relasjonar til elevane, og kan stå i vanskelege situasjonar over tid.
Å vere personleg eigna er viktig i den utlyste stillinga
Vi tilbyr
Løns- og arbeidsvilkår fastsett i lov og avtaleverk
Gode forsikrings og pensjonsordningar
Stend er ein arbeidsplass med med godt sosialt miljø og stor fagleg breidde, der du vert inkludert i eit aktivt og positivt miljø.
Andre opplysningar:
Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk.
Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Den som skal tilsetjast i vidaregåande skule må leggje fram politiattest
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort
Kontaktinformasjon
Frode Skudal, avdelingsleiar, +4795968765Arbeidsstad
Fanavegen 2495244 Fana
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 4958971144
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 07.05.2025
Annonseinformasjon
- FINN-kode 404487217
- Sist endret