FINNJobbSøkVestlandVaksdal
Vaksdal kommune
Legg til som favoritt
Del annonse
Del på e-postDel på FacebookDel på X
Kopier lenke
Fristen er utløpt

Barne- og ungdomsarbeidar, Eksingedalen oppveksttun avd. barnehage

Vikariat stilling ∙ Eidslandet
  • Søknadsfrist 11.5.2025
  • Sektor Offentlig

Barne- og ungdomsarbeidar, Eksingedalen oppveksttun avd. barnehage

Om stillinga

Vi har ledig 40 % årsvikariat for barne- og ungdomsarbeidar/pedagogisk medarbeidar ved Eksingedalen oppveksttun, avdeling barnehage!

Som barne- og ungdomsarbeidar på oppveksttunet vil du ha ei viktig rolle i barn sin kvardag. Hovudoppgåvene dine vil vere å bidra til eit trygt, utviklande og stimulerande miljø for barna. Du vil vere ein del av eit team som saman arbeider for å gi barna gode opplevingar og støtte i utviklinga. 


Krav til kompetanse
  • Ynskjeleg med fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar 
  • Søkjarar med anna relevant utdanning og personlege eigenskapar kan bli vurderte 
  • Ynskjeleg med erfaring frå barnehage 

Personlege eigenskapar
  • Du er ein påliteleg, open og ærleg person. Det er viktig for oss at våre tilsette er i barnehagen for barna si skuld, men òg er god til å samarbeide med kollegaer 
  • Du er strukturert og interessert i å bidra til eit godt arbeidsmiljø 
  • Du tek del i utviklingsarbeidet og halde deg fagleg oppdatert 
  • Du er stabil og påliteleg for god og trygg tenestekvalitet til beste for barna og arbeidsmiljøet 
  • Søkjar må gjennom kunnskap, erfaring og personlege eigenskapar kunne samarbeide med og skapa tillit og dialog med personale, barn og foreldre 

Vi oppmodar menn til å søkja. 

Personlege eigenskapar vert vektlagt. Godkjent politiattest og eigenerklæring om utanlandsopphald (tuberkulose) må leggjast fram ved tilsetjing. 

Me planlegg å gjennomføre intervju i veke 20/21.


Vaksdal kommune kan tilby
  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø 
  • Kompetente og engasjerte kollegaer 
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar 
  • Individuell oppfølging 
  • Moglegheiter for støtte til etter- og vidareutdanning 
  • Løn i tråd med tariffavtaleverk 
. Video: https://www.youtube.com/watch?v=dxInsUPyp28

Om arbeidsgiveren

Vi tilbyr spanande moglegheiter for utvikling og karriere. Gjennom sitt engasjement bidreg våre tilsette kvar dag til at Vaksdal er ein god kommune å leve, bu og arbeide i. Vi er opptatt av innovasjon og er langt framme på digitalisering. Vaksdal kommune ynskjer at arbeidsstaben skal spegle mangfaldet i befolkninga. Vi oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, kulturell bakgrunn, hol i CV-en eller funksjonsevne. Nokon av Vaksdal kommune sine stillingar kan ha eigne helsekrav og fysiske krav. Etter offentlegheitsloven § 25 andre ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om søkjaren har bede om å ikkje stå på søkjarlista. Vaksdal kommune nyttar elektronisk søknadsbehandling. Attestar og vitnemål må legggast ved søknaden. Høgare utdanning gjennomført utanfor Noreg må vere godkjent av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. Godkjenninga må dokumenterast.

Alle barnehagane i Vaksdal har gjennomført kompetanseprogrammet «Inkluderande barnehagemiljø». Vi set oss tydelege mål for å skape ein trygg og god kvardag for alle born. Dette gjer vi i lag som kompetente og engasjerte vaksne.
  • Sted: Eksingedalsvegen 2240, 5728 Eidslandet
  • Stillingsfunksjon: Barnehageassistent, Barnehagelærer, Undervisning og pedagogikk

Firmaets beliggenhet

Eksingedalsvegen 2240, 5728 Eidslandet

Kart
Søknadsfrist: 11.5.2025

Denne annonsen er hentet fra NAV / Arbeidsplassen.no

Gå til søknad(åpnes i en ny fane)Se fullstendig annonse

Nyttige lenker

Hjemmeside

Annonseinformasjon

  • FINN-kode: 404436827
  • Sist endret: 24.4.2025, 10:37
  • Org.nr.: 926200984Se på Brønnøysundregistrene(åpnes i ny fane)
Rapporter annonse