Seljar og lagermedarbeidar i utebutikk
XL-BYGG Valvatne
- Frist Snarest
- Ansettelsesform Fast
Har du kjennskap til byggebransjen og trivst med sal og service?
Me har stor pågang og ynskjer å forsterke vårt team i utebutikken vår. Me søkjer difor etter deg som ynskjer 100 % stilling som seljar og lagermedarbeidar hos oss. Som ein del av XL-BYGG - Noreg sin beste byggjevarekjede, er vårt varehus full av byggjevarer for gjer-det-sjølv-markedet, byggmeistrar og handtverkarar. Me er ekspertar på byggjevarer og gjer alt me kan for at våre kundar skal få best mogleg service.
XL-BYGG Valvatne søkjer etter deg som er dedikert, serviceorientert og nøyaktig. I utebutikken vil du jobbe med byggevarer, trelast samt mange andre varegrupper til både privatkundar og proffkundar.
Me tilbyr gode pensjons- og forsikringsordningar, samt ei gunstig ordning for personalkjøp. Det er også gode moglegheiter for utvikling innad i selskapet.
I XL-BYGG Valvatne legg me vekt på kompetansebygging, og vegen til avgjersler er kort. Me er stolt av vårt gode arbeidsmiljø, me har god takhøgde og ein uformell tone. Me legg til rette for at dei tilsette kan vere med å påverke eigen utvikling og sin egen arbeidskvardag.
Søknader med CV kan sendast til dagleg leiar, Audun Brekke; ab@valvatne.no. Søknader vert behandla forløpande.
Søknadsfrist: snarast
Tiltreding frå 01.09.2025
Ansvar/arbeidsoppgåver:
Kunderådgiving og salg i heile byggevarehuset, retta mot privat- og proffkundar
Kundevegleiing i varehuset
Sal av byggevarer, trelast, festemidler, verktøy, jernvarer med meir.
Tillaging av varer for utkjøyring eller henting.
Fokus på meirsalg og oppsalg
Varebestilling, vareplassering og varetelling
Sørge for eit ryddig varehus
Bidra positivt til et godt og sikkert arbeidsmiljø
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Truckførerbevis
Førarkort klasse B
Relevant erfaring frå salg
Kjennskap til byggevarer samt interesse for faget
Ein fordel med god kunnskap innan bruk av data som arbeidsverktøy
Fleksibel, effektiv og løysingsorientert
Service- og kundeorientert, utadvendt og kontaktskapande
Strukturert og nøyaktig
Om oss som arbeidsgjevar:
XL-BYGG Valvatne er ein del av den tradisjonsrike og familieeigde Valvatnegruppa på Stord, som i år kan skilte med 125 års jubileum. I tillegg til XL-BYGG Valvatne er også Valvatne Bygg og Stord Kjøkkensenter ein del av Valvatnegruppa. Med totalt 48 tilsette i gruppa, er me ein stor aktør i Sunnhordlandsregionen. Me har ein sterk bedriftskultur farga av vår lange erfaring, vår historie, vårt fokus på kundeservice og vår pålitelegheit.
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
XL-BYGG Valvatne er ein del av XL-BYGG. Det er ei av landet sine største byggevarekjeder med over 90 butikkar rundt om i Noreg. Vår ambisjon er å være den leiande faghandelen innan trelast og byggevarer.
- Sektor: Privat
- Sted: Ringvegen 12, 5412 Stord
- Bransje: Butikk og varehandel, Bygg og anlegg
- Stillingsfunksjon: Lagermedarbeider, Salg
Nøkkelord
salg, byggevarer, trelast, varehåndtering, truckførerbevis
(1/3)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 401945398
- Sist endret