Dagleg leiar Sunnmøre friluftsråd
Sunnmøre friluftsråd
- Frist 24.3.2025
- Ansettelsesform Fast
Sunnmøre friluftsråd (SF) er eit kommunalt oppgåvefellesskap for kommunane på Sunnmøre og Vestnes. SF skal stimulere til friluftsliv for alle. Vi vil fremje folkehelse gjennom aktivitet, tilrettelegging, drift av friluftsområde og Skjærgårdstjenesten i Møre og Romsdal. SF er eit av 29 friluftsråd under Friluftsrådets Landsforbund og har i dag 10 fast tilsette.
Vi søker etter dagleg leiar i 100 % fast stilling. Dagleg leiar har ansvaret for det administrative arbeidet og den daglege drifta av Sunnmøre friluftsråd, og Skjærgårdstjenesten Møre og Romsdal. Kandidaten må ha stor arbeidskapasitet, vere strukturert, takle utfordringar og vere løysingsorientert i ein dynamisk kvardag. Vi ser etter ein person som evnar å jobbe nært med kommunane, andre offentlege etatar og friluftslivsorganisasjonar. Kandidaten bør ha engasjement for folkehelse og friluftsliv.
Arbeidsoppgåver
- Økonomistyring
- Personalansvar
- Leie, motivere og støtte tilsette og frivillige
- Sørge for kontakt med våre samarbeidspartnarar, myndigheiter og samfunnsaktørar
- Følge opp vedtak i styret, prosjektleiing og porteføljestyring
- Drive informasjons- og kommunikasjonsarbeid
- Andre relevante oppgåver som ligg under ansvaret til dagleg leiar
Ønska kvalifikasjonar
- Høgare utdanning innan organisasjon og leiing. Relevant leiarerfaring kan kompensere for manglande høgare utdanning
- Kunnskap om offentleg planarbeid, budsjett- og økonomistyring
- Erfaring med prosjektleiing og porteføljestyring veg tungt
- Gode IT kunnskapar
- Positivt innstilling, god relasjonsbyggar og med evne til å halde i mange arbeidsoppgåver i ulike tema samtidig
Kva vi kan tilby
- Ein spanande og utviklande arbeidsstad
- Moglegheit til å fremje friluftsliv og folkehelse
- Pensjonsordning i KLP
- Lønn etter avtale
- Fleksibel arbeidstid
- Medlem av samfunnsbedriftene
- Arbeidsspråket er nynorsk.
Kontorstad p.t. på Digernes i Ålesund kommune.
Meir informasjon om Sunnmøre friluftsråd på www.friluftsraadet.no.
Kontaktinformasjon
Eva Hove, Styreleiar, 97015014, evahove1954@gmail.comArbeidsstad
Stettevegen 736260 Skodje
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Annonsesalg WebcruiterReferansenr.: 4933492465
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 24.03.2025
Annonseinformasjon
- FINN-kode 396761020
- Sist endret