Fagarbeider
Bømlo Kyrkjelege Fellesråd
- Frist 21.3.2025
- Ansettelsesform Fast
Fagarbeidar - kyrkjegardsdrift
I dei fire sokna på Bømlo er det ledig 2 100% stillingar som fagarbeidarar. Oppstart så snart som råd eller etter avtale.
Bømlo kyrkjelege fellesråd har ansvaret for gravplassane i Bømlo kommune. Gravplassane er i tillegg til å vera grav- og sørgjestadar viktige parkområder for kommunens innbyggjarar. Det er eit mål å stelle gravplassane slik at det blir ein kjær stad å komma til. Til dette treng me dyktige arbeidarar.
Arbeidsoppgåver:
- Praktisk tilrettelegging med opning og lukking av grav og urnegrav
- Generell kyrkjegardsdrift og skjøtsel av grøntanlegg
- Stell av graver med stellavtalar
- Noko arbeid med gravstøtter
- Deltaking i vidareutvikling av gravplassverksemda på Bømlo
- Andre oppgåver etter avtale
Kvalifikasjonar:
- Fagbrev som anleggsgartnar eller tilsvarande, relevant erfaring frå grøntanlegg eller maskinbruk kan kompensere for manglande utdanning
- Kompetansebevis for gravemaskin er ynskjeleg (kan bli aktuelt å dekkje om rett søkjar)
- Førarkort klasse BE er ynskjeleg (kan bli aktuelt å dekkje om rett søkjar)
- Tilfredsstillande dataferdigheiter
Eigenskapar:
- Praktisk anlagt og liker å jobbe ute
- Initiativrik, sjølvstendig og fleksibel
- Gode samarbeidsevner og god arbeidsmoral
- Fysisk utholdande
Me tilbyr:
- Tariff lønn etter avtaleverket i kyrkjeleg sektor
- Bedriftshelseteneste
- Godt arbeidsmiljø og trivelege kollegar
- Noko fleksibilitet knytt til arbeidstid
- Mogelegheita til å vera med å forma eiga stilling
- Personleg utvikling og kompetanseheving
- Variert arbeidskvardag
Anna
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
Kyrkjegardsdrifta på Bømlo ynskjer å vera nytenkjande og me er i ei omorganiseringsfase som gjer at me i tida som ligg føre vil utvide med fleire robotklypparar på kyrkjegardane på Bømlo.
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Bømlo kyrkjelege fellesråd har ca. 11 årsverk. Største deler er tilsette knytt til den kyrkjeleg verksemda som kyrkjelydspedagogar, kantorar, diakon og andre tilsette i små kyrkjelege stillingar. Bømlo kyrkjeleg fellesråd er gravplassmynde i Bømlo kommune og har ansvaret for alle gravplassane i kommunen. Dette utgjer 10 gravplassar.
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 2
- Sted: Leirdalen 1, 5430 Bremnes
- Bransje: Bygg og anlegg, Drift og vedlikeholdstjenester, Håndverkstjenester
- Stillingsfunksjon: Driftsoperatør/vaktmester, Håndverker, Maskinfører og -operatør
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
fagarbeider, gartner, kirkegård, grøntanlegg, vedlikehold
Annonseinformasjon
- FINN-kode 394630581
- Sist endret