Tilkallingsvikarar innan reinhald
Vang Kommune
- Frist 31.12.2026
- Ansettelsesform Vikariat
Vang kommune søkjer etter tilkallingsvikarar innan reinhald for dei ulike avdelingane i kommunen. Ved ferie og fråvær vil det vere både kortvarig og noko lengre behov for vikarar, og me søkjer deg som er fleksibel og samarbeidsorientert.
Søknadar vert behandla fortløpande og aktuelle søkjarar vert kontakta.
Arbeidsoppgåver
- Reinhald ved ulike avdelingar ved ferie og fråvær
Kvalifikasjonar
- Gjerne erfaring frå tilsvarande arbeid
- Gode norskkunnskapar vil vere ein fordel ift HMS og stoffkartotek
- Sertifikat for bil kan vere ein fordel
- Gyldig politiattest skal leverast for avdelingar knytt til born, og helse - og omsorg
Personlege eigenskapar
- Vera fleksibel og ha tilpassingsevne
- Vera motivert, engasjert og strukturert
- Ha gode evner til samarbeid
- Sjølvstendig og ha evne til å ta ansvar, til å ta initiativ og til å sette seg raskt inn i nye arbeidsoppgåver
Vi tilbyr
- Eit positivt og triveleg arbeidsmiljø saman med dyktige kollegaer
- Løn etter tariff og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk
- Tilsetjing på ordinære vilkår som til einkvar tid gjeld i kommunal sektor
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Den enkelte tilkalling du som ekstravakt tek på deg, medfører eit enkeltståande mellombels arbeidsforhold, jf. arbeidsmiljølova § 14-9 (2). Tilkalling skjer etter behov ved fråvær pga. sjukdom, ferie eller andre mellombelse forhold som medfører behov for mellombels arbeidskraft.
Kontaktinformasjon
Ingeborg Lunde, Kommunalsjef Landbruk og teknisk, 99230305, Ingeborg.Lunde@vang.kommune.noArbeidssted
Tyinvegen 51512975 VANG I VALDRES
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Vang KommuneReferansenr.: 4696150746
Stillingsprosent: 0%
Anna
Søknadsfrist: 31.12.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 388031683
- Sist endret




