Fastlege
Helse og rehabilitering, Time kommune
- Frist 15.2.2026
- Ansettelsesform Fast
Time kommune søker etter ein fastlege til nyoppretta heimel ved Sandtangen legesenter på Bryne.
Sandtangen legesenter er sentralt plassert i sentrum av Bryne, like ved togstasjonen.
Legesenteret består av 7 fastlegar, både spesialistar i allmennmedisin og legar under spesialisering.
Me har eit inkluderande arbeidsmiljø der trivsel i arbeidskvardagen står i fokus, anten det gjeld det faglege eller det sosiale. Legar i spesialisering får god rettleiing og supervisjon, med låg terskel for å drøfte ting i kollegiet.
Me har eit fantastisk hjelpepersonell som består av sjukepleiarar, bio-ingeniør og helsesekretær. Desse er svært veldrevne og sjølvstendige i sine arbeidsoppgåver.
Legekontoret er moderne utstyrt i flotte lokale. Me har blant anna EKG, spirometri og ultralyd som brukast i den diagnostiske kvardagen.
Legesenteret har Webmed som journalsystem. Dette er eit svært godt journalsystem, som er enkelt å setta seg inn i.
Time kommune søkjer lege som vil vera næringsdrivande. Oppstart etter avtale. Søkjarar kan verta kontakta fortløpande.
Arbeidsoppgåver
- Følgja opp pasienter på liste
- Legevakt ca. 32 delt i Klepp (kveld/helg) og ca. 60 delt i Hå (natt)
- Andre kommunale legeoppgåver i inntil 20 % stilling kan vera aktuelt
- Delta i administrative oppgåver ved felles drift av legesenteret
Kvalifikasjonar
- Gjennomført LIS1-teneste
- Norsk autorisasjon og refusjonsrett
- Beherska norsk munnleg og skriftlig minst på nivå B2.
- Krav om politiattest
Personlege eigenskapar
- Interessert i allmennmedisin
- Strukturert og sjølvstendig
- God på samhandling og samarbeid
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø
Me tilbyr
- ALIS-tilskot under spesialiseringa
- Grunntilskot for 800 pasientar
- Etableringstilskot på 350 000
- Rettleiing under spesialiseringa
- Eit godt fagleg arbeidsmiljø
- Kjekke kollegaer
Kontaktinformasjon
Torbjørn Mosdøl, Dagleg leiar ved Sandtangen legesenter, 91548524, tmosdol@hotmail.comØystein Fjetland Øgaard, Kommuneoverlege, 45662014, oystein.fjetland.ogaard@time.kommune.no
Lene Hammervold Olsen, Verksemdleiar helse og rehabilitering, 92284538, lene.hammervold.olsen@time.kommune.no
Arbeidsstad
Kirsten Brynes veg 74344 Bryne
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Time kommuneReferansenr.: 4768805336
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 15.02.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 340449010
- Sist endret

