Museumsleiar
Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane
- Frist 07.01.2024
- Ansettelsesform Fast
Vil du leie eit av Noregs største og eldste folkemuseum?
Museumsleiar
Med oss fer du rikare!
Vi søker no den som vil vere med på å forme framtida og leie De Heibergske Samlinger- Sogn folkemuseum, eit av Noregs største og eldste friluftsmuseum, i eit vakkert natur- og kulturlandskap i Sogndal kommune.
Vi seier at kunnskap, erfaringar og opplevingar gjer oss rikare. På tolv ulike museum mellom fjord og fjell gjev vi ny innsikt i korleis verda hang saman for menneska i fjern og nær fortid. Og om korleis dette betyr noko for korleis verda heng saman for oss i dag.
Her stiller vi ut kulturhistoriske bygningar for folk og fe. Viser fram små og store ting i hopetal, av det kvardagslege, høgtidelege, kuriose og livsnødvendige slaget. Her formidlar vi kunnskap om korleis vi brukte tinga, til kva, og kvifor. Og historier om levesett, livsstil og verdsbilete.
Flust av opplevingar å bli rikare av - både for besøkande og for våre tilsette.
Nettopp her, hjå De Heibergske samlinger - Sogn Folkemuseum, treng vi ein ny museumsleiar som kan vere med på å forme framtida til eit tradisjonsrikt museum.
Er det deg vi leitar etter?
Om stillinga
Som museumsleiar for De Heibergske samlinger - Sogn Folkemuseum vil du blant anna:
- vere fagleg og stadleg leiar for eit museum med eit dedikert lag av dyktige medarbeidarar
- vere ansvarleg for museet sitt publikumstilbod
- ha løpande kontakt med lokale/regionale styresmakter og samabeidspartar
- ha økonomiansvar og drive plan- og budsjettarbeid
- ha administrative oppgåver
- ha delegert personaloppfølging for avdeling kulturhistorie sine tilsette på museet
Vi ser etter deg som har:
- utdanning innan kulturhistoriske fag, eller andre relevante fag innan humaniora på masternivå eller høgare
- erfaring i leiarrolla, då ei svært viktig oppgåve vil vere å skape eit godt miljø, entusiasme og motivasjon blant dei tilsette
- erfaring frå museumssektoren
De Heibergske samlinger - Sogn Folkemuseum betyr mykje for mange interessentar lokalt og regionalt. Viss du har samfunnsengasjement, likar å få ting til å skje og ser verdien av å bygge relasjonar både internt og med omverda, vil dette vere ein jobb du verkeleg kan utfolde deg i.
Folka våre brenn for kulturhistoria, der formidling og menneskemøte er ein viktig del av kvardagen. Om du kjenner deg heime i ein slik modus, vil du kjenne deg heime hjå oss.
Moglegheiter og utfordringar for vår nye museumsleiar
De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum har gode besøkstal og etablerte publikumstilbod som har stor oppslutnad. Samstundes skal vi prioritere og spisse museet sin faglege profil og satsingsområde i tida framover. Moglegheitene er både gode og mange. Det er ei krevjande oppgåve, men handlingsrommet for vidare utvikling vil vere stort. Her får du setje spor.
Av viktige oppgåver framover er vi i gang med ny basisutstilling, ombygging av administrasjonslokale, restaurering og remontering av kulturhistoriske bygningar i friluftsmuseet. Vi skal avhende eigedomar og flytte samlingsobjekt til vårt nye fellesmagasin Tinghuset. Som museumsleiar vil du vere involvert i fleire av desse prosjekta.
Kunnskapsutvikling og forsking er ei kjerneoppgåve for musea. Som museumsleiar får du mogelegheita til å delta i dette arbeidet, men erfaringa viser at det kan vere i mindre omfang enn mange ønskjer. I drifta av eit museum er det mykje som hastar meir. Her ligg ei av utfordringane - det er høge forventningar til museumsleiar om å vere involvert i mykje. Dei som er gode på sjølvleiing, struktur og prioritering vil meistre stillinga best.
Kvifor skal du søke på stillinga?
Likar du å få ting til å skje, har hjarte for kulturhistorie og formidling, og engasjement for musea som samfunnsaktør? Då kan denne jobben vere mogelegheita du ikkje kan la gå frå deg. Vi er spente på å høyre frå deg!
Hjå oss får du utvikle kunnskapen og evnene dine som både leiar og kulturhistorisk fagperson. Du får eit fagleg nettverk, og du blir del av eit engasjert og dedikert kollegium med 20 tilsette i avdeling kulturhistorie.
Vi lovar innhaldsrike arbeidskvardagar der du vil møte mange menneske, utfordringar og mogelegheiter til å skape noko nytt. Vi håpar å kunne gjere deg rikare.
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Samlingane våre spenner frå urban kunstscene til eldgamle bygningar og skikkar. Frå pulserande historiske kystsamfunn til kunstnarparet Engel og Nikolai Astrup sitt småbruk i Jølster. Frå lafta utedassar, eksport av kvernsteinar i vikingtida og Lord Slingsby, til ein Ford Escort frå 1980-talet og rykande ferske kunstinstallasjonar. Fortid og samtid.
Les meir om Musea i Sogn og Fjordane på vår nettstad www.misf.no
Vi har 60 fast tilsette medarbeidarar, og fleire mellombels tilsette i sesong. Museumsvertar, museumspedagogar, museumsleiarar, konservatorar og handverkarar med fleire, jobbar på dei ulike musea. Arbeidsmiljøundersøkingane våre viser at det er god trivsel på jobb, at dei tilsette er nøgde med sine kollegaer og leiarar, og har meiningsfulle oppgåver. Sjukefråværet vårt er under bransjegjennomsnittet.
Vi oppmodar kvalifiserte kandidatar om å søkje uavhengig av kjønn, funksjonsevne og kulturell bakgrunn. Søknad registrerer du via lenke på denne sida. CV, vitnemål og attestar skal du laste opp under "Vedlegg".
Vi gjer merksam på at søkarlista kan bli kravd gjort offentleg.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Mannhellervegen 643, 6854 Kaupanger
- Bransje: Museer, gallerier og kulturminne
- Stillingsfunksjon: Kontor og administrasjon, Koordinering, Ledelse
Annonseinformasjon
- FINN-kode 332315555
- Sist endret