Ingeniør/teknikar medisinsk teknologi
Helse Møre og Romsdal HF
- Frist 7.1.2024
Ingeniør/teknikar medisinsk teknologi
Seksjon for Medisinsk teknologi SNR har ledig ei spanande stilling som ingeniør/teknikar for medisinsk-tekniske utstyret.
Bli med på innflytting i eit nytt sjukehus!
Seksjonen er organisert i stabsavdeling for E-helse og teknologi saman med IKT, innføringsprosjektet for Helseplattformen og innovasjon. Verdiane våre er "Kvalitet, tryggleik og respekt" og vårt slagord er "Nær, smidig og kompetent". Medisinsk teknologi SNR har i dag 11 stillingar og eininga forvaltar alt elektromedisinsk utstyr og anna medisinsk teknisk utstyr (MTU) på sjukehusa i Molde og Kristiansund med tilhøyrande institusjonar. Helse Møre og Romsdal bygger nytt sjukehus på Hjelset for Nordmøre og Romsdal. Denne stillinga vil i første omgang vere i Molde, men vil ved innflytting i nytt sjukehus på Hjelset ha oppmøte der.
Når ein skal ta i bruk eit nytt sjukehus er det mykje utstyr som skal på plass, mange nye og spanande løysinger.
Eininga har dagarbeidstid og delar av seksjonen har beredskapsvakt utanom ordinær arbeidstid.
Vitnemål, attestar/tenestebevis, fagbrev må scannast og lastast opp som vedlegg til søknad/CV.
Arbeidsoppgåver
- Utføre mottakskontroll, akutte reparasjonar og planlagt vedlikehald, samt omdisponering av MTU
- Dokumentere og ajourføre utført arbeid og informasjon for MTU i FDV-systemet Medusa
- Utarbeide risikovurderingar for planlagt vedlikehald av MTU
- Delta i innkjøpsprosessar ved utskifting og innkjøp av nytt MTU
- Gi støtte til brukarane av MTU og samarbeide tett med klinikkane
- Delta i kvalitetsarbeid innan MTU-området
- Vedkomande som blir tilsett må rekne med noko reising i samband med kurs og møter
- Det kan vere aktuelt med deltaking i beredskapsordning/heimevaktsordning for MTU
Kvalifikasjonar
- Universitet/høgskule/teknisk fagskule helst innanfor følgande studieretningar:
- elektronikk/automatiseringsteknikk/medisinsk teknologi/IT
- anna relevant kompetanse kan bli vurdert
- Det er ønskeleg med erfaring frå arbeid med service/vedlikehald av MTU
- Det er ønskeleg at du har samtykke frå Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB) for sjølvstendig å kunne utføre reparasjon av elektromedisinsk utstyr
- Det er ønskeleg med kompetanse innan IKT og datanettverk
- Du må ha gode kunnskapar i norsk og engelsk skriftleg og munnleg
- Vi oppfordrar også nyutdanna til å søkje
Personlege eigenskapar
- Du er ansvarsbevisst, systematisk, fleksibel og omgjengeleg
- Du har positiv serviceinnstilling og er engasjert, imøtekomande og påliteleg
- Du har genuin interesse for å hjelpe andre med å lykkast
- Du må kunne arbeide både sjølvstendig og i team
- Du må ha ei grunnleggande interesse for teknologi
- Du må ha gode evner til å kommunisere med brukarar av MTU, leverandørar og andre samarbeidspartar internt og eksternt
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagt ved tilsetting
Vi tilbyr
- Spennande og utfordrande oppgåver i eit fagfelt med moderne avansert medisinsk teknisk utstyr ikombinasjon med IKT-fag
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal
- Sted: Parkvegen 84, 6412 Molde
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Ingeniør, Teknisk personell
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Ingeniør/tekniker, Medisinsk teknologi
Annonseinformasjon
- FINN-kode 332283094
- Sist endret