Fagkonsulent
Helse Møre og Romsdal HF
- Frist 21.12.2023
Fagkonsulent
Bli vår nye kollega? Vi har eit breitt og godt fagmiljø, og vi er ein sosial gjeng der tilsette tar initiativ til sosialt samvær og aktiviteter!
Vi har no ledige stillingar for fagkonsulent. I seksjon vår er vi omlag 20 fagkonsulentar med variert bakgrunn. Vi har mellom anna psykiatriske sykepleiarar, sosionomar og barnevernspedagar, alle med vidareutdanning. Fagkonsulenten samarbeider med bl.a legar, psykologar, fysioterapeutar og andre tilsette med helse- og sosialfagleg utdanning på høgskole-/universitetsnivå.
Poliklinikken tilbyr utgreiing og behandling til personar somhar moderate til alvorlege psykiske lidingar. Behandlinga kan vere ulike former for samtaleterapi individuelt eller i grupper, og eventuelt medikamentell behandling. Poliklinikken har mellom anna kompetanse innan psykodynamisk terapi, kognitiv terapi, metakognitiv terapi, korttids- og langtids gruppebehandling og medikamentell behandling. Poliklinikken har som satsningsområde utvikling av psykosekompetanse, samt vidareutvikle kompetanse på traumelidelse, spiseforstyrring og behandling av samansette rus og psykiske lidingar (ROP).Det er ønskjeleg med kompetanse innanfor desse lidingane. Dersom ein ikkje har spesifikk kompetanse innanfor desse lidingane, vil detleggjast til rette for kompetanseheving.
Poliklinikken har i dag 55,5 stillingar og er ein almennpsykiatrisk poliklinikk. Vi har organisert verksemda i fleire ulike team. Desse teamene er eit allmennpsykiatrisk team, eit oppfølgingsteam, eit ROP team og eit avklaring- og utgreiingsteam. Vi har også eit ambulant akutteam og eit FACT team, begge desse er lokalisert utanfor poliklinikken. Dei utlyste stillingane er pr d.d tilhøyrande i allmenpsykiatrisk team og i oppfølgingsteam.
Arbeidsoppgåver
- Utgreiing og behandling av psykiske lidingari samarbeid med spesialistar
- Delta regelmessig i tverrfaglege behandlingsmøter, rettleiing og vere med på alle faste møte
- Delta i diverse samarbeidsfora rundt pasienten
- Vidareutvikling av behandlingstilbodet
Kvalifikasjonar
- 3- årig helse- og/ eller sosialfagleg utdanning på bachelornivå med relevant vidareutdanning frå høgskole/universitet som er relevant for arbeid med pasientgruppa
- Vi ønskjer at rett kandidat har erfaring frå denne type arbeid eller tilsvarande
- Det er sterkt ønskjeleg at ein har terapiutdanning i tillegg til grunnutdanninga
- Relevant terapiutdanning er t.d. kognitiv terapi eller traumeutdanning, eller andre relevante terapiutdanningar
- Må ha gode skriftlege og munnlege norskkunnskaper
Personlege eigenskapar
- Du har gode samarbeidsevner
- Du er strukturert og målretta
- Du er nytenkande og endringsorientert
- Du liker å arbeide sjølvstendig og i tverrfagleg team
- Du kommuniserer godt både internt og eksternt
- Du har vilje til å bidra til å styrke eigen og andre sin kompetanse
Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Eit godt og triveleg arbeidsmiljø med dyktige og erfarne kollegaer
- Varierte og spennande arbeidsoppgåver
- Moglegheit for vidare- og etterutdanning
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vi ber om at attestar og vitnemål blir scanna og lasta opp som vedlegg til CV.
Byen vår! Den fargerike opera- og klippfiskbyen Kristiansund er perla på Nordmøre. Her finn du eit rikt kulturtilbod med eige operahus som har fleire oppsetjingar og konsertarrangement kvart år. Området har mykje natur å by på, varierte turmulegheiter i både skog, fjell og fjord. Her er det gode miljø innanfor klatring og friluftsliv og det er nyleg etablert eit innandørs klatresenter. Like utanfor byen kan du oppdage den spektakulære Atlanterhavsvegen og fleire sjarmerande fiskevær. Byen har eigen flyplass med fleire daglege avgangar til Oslo og Bergen. Les meir om Kristiansund og Nordmøre ellerKristiansund Sundbåten, klippfisk og Atlanterhavsveien
Instagram:
KULTURBYEN KRISTIANSUND
#nordmørepå Instagram
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal
- Antall stillinger: 2
- Sted: Hagan 9, 6516 Kristiansund N
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Helsepersonell, Helsepersonell
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Fagkonsulent, Helsefag, Sosialfag, Kristiansund, psykiatri
Annonseinformasjon
- FINN-kode 331743271
- Sist endret