Resepsjonsmedarbeider i 35% stilling - gjerne jusstudent
Universitetet i Oslo
- Frist 21.12.2023
- Ansettelsesform Vikariat
Resepsjonsmedarbeider i 35% stilling - gjerne jusstudent
Resepsjonsmedarbeider i 35% stilling - gjerne jusstudent
Om stillinga
Er du blid, arbeidsam, fleksibel, initiativrik og serviceorientert?
Vi har ledig eit vikariat med varigheit til 31.12.2024 i 35 % stilling som resepsjonsmedarbeidar (stillingskode sekretær SKO 1070). Stillinga inngår i instituttet sin administrasjon, og vil være ein av to stillingar i resepsjonen. Instituttet er eit av fem institutt ved fakultetet, og har ca 40 tilsette. Dei to stillingane kan ikkje dekkast av same person på grunn av behov for fleksibilitet.
Den som vert tilsett skal sitte i resepsjonen til instituttet for å ta imot gjestar og varelevering, svare på spørsmål knytt til tilsette og lokala i bygget og dei andre universitetsbygga i sentrum. Det ligg og enklare administrative oppgåver og webarbeid til stillinga.
Arbeidsoppgåver
- Resepsjon - mottak av besøkande og varer.
- Enklare administrative oppgåver og webarbeid.
Kvalifikasjonskrav
- Kjennskap til fakultetet og instituttet
- Erfaring frå servicearbeid er ønskeleg
- Det er ønskeleg at du er jusstudent tidleg i studiet
- Gode skriftlege og munnlege ferdigheiter i norsk og engelsk
Personlege eigenskapar
Vi søker deg som:
- har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- er serviceinnstilt og løsningsorientert
- er fleksibel
- er utadvendt og har godt humør
Vi tilbyr
- Hyggeleg og stimulerande arbeidsmiljø
- God pensjonsordning
- Lønn som sekretær SKO 1070 fastsettast etter en individuell vurdering innanfor et spenn mellom kr 386 300 -410 000, avhengig av kompetanse.
Søknaden skal innehalde
- Søknad og CV
- Attestar og vitnemål
Søknad med vedlegg må sendes inn via vårt rekrutteringssystem Jobbnorge.
Andre opplysningar
Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju.
I høve til offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjorde sjølv om søkjaren har bede om ikkje å bli oppført på søkjarlista.
UiO har eit personalpolitisk mål om å oppnå ei balansert kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn.
Inkludering og mangfald er ein styrke. UiO har eit personalpolitisk mål om å oppnå ei balansert kjønnssamansetjing. Vidare ønskjer vi medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv. Vi vil leggje til rette for medarbeidarar som har behov for det.
Om det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju.
Kontaktinformasjon
Kontorsjef Bente Lindberg Kraabøl, Mobnr. 47 02 69 02
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Nordisk institutt for sjørett (NIFS) er ein av fem grunn-einingar ved Det juridiske fakultet, og er ressurssenter for alle som arbeider med sjørettslege og andre tilknytte problemstillingar i Norden. NIFS har studentar og samarbeidspartnarar frå heile verda. Instituttet sine forskingsområder spenner frå sjørett, havrett og forsikringsrett til petroleums- og energirett. NIFS er og vertskap for forskargruppa i naturressursrett.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Karl Johans gate 47, 0162 Oslo
- Bransje: Forskning, utdanning og vitenskap, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Annet, Resepsjon
Annonseinformasjon
- FINN-kode 331723881
- Sist endret