Økonomisjef
Søre Sunnmøre Reinhaldsverk IKS
- Frist 4.1.2024
- Ansettelsesform Fast
Vil du skape berekraft både av tal og kasta material?
Vi ser etter ein samfunnsorientert og dyktig medarbeidar som skal bidra til å sikre kostnadseffektiv drift og god kvalitet på all økonomirapportering. Du skal kontrollere og kvalitetssikre tala våre og gjere utgreiingar som utrustar styringsorgana våre med nødvendig informasjon.
Vi ønskjer oss ein medarbeidar som kan vere med på å utvikle verksemda i tråd med utviklinga og krava i samfunnet om å tilby berekraftige løysingar. Du må vere framtidsretta og trygg, med god forståing for offentleg forvaltning og det samfunnsansvaret som verksemda skal ivareta.
Vi vil ha ein økonomisjef med god forretningsforståing, handlekraft og analytiske evner Vidare ser vi etter ein relasjonsbyggjar og lagspelar som kan motivere og inspirere medarbeidarar. Du bør ha høgare utdanning og dokumentert erfaring frå liknande arbeid.
Vår nye økonomisjef
- Har det overordna ansvaret for budsjett- og prognoseprosessar, økonomistyring og rapportering.
- Utfører controller-, kartleggings- og analysearbeid
- Bidreg med å føre rekneskap
- Er ein pådrivar for digitalisering og forbetring av arbeidsprosessar
- Vil få personalansvar for to medarbeidarar med oppgåver innan økonomi og lønn
- Inngår i leiargruppa i selskapet og rapporterer til dagleg leiar
- Er initiativrik og har god gjennomføringsevne
- Kommuniserer tydeleg og godt skriftleg og munnleg
Søknadsfrist: 4. januar 2024.
Nærare opplysningar om stillinga får du av styreleiar George Fulford tlf. 95026213 eller dagleg leiar Andrea Sæverud, tlf. 41406670. All uformell kontakt blir handsama konfidensielt.
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
SSR skal vere eit godt verktøy for eigarkommunane med mål om å handtere avfallet frå innbyggjarane på ein miljøvenleg, kostnadseffektiv og brukarvenleg måte. Med tre miljøstasjonar og 35 tilsette, arbeider vi dagleg med å legge til rette for at mest mogleg av det som blir kasta i området vårt, blir gjenvunne.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Smårisevadet 20, 6065 Ulsteinvik
- Bransje: Miljøtjenester, Offentlig administrasjon, Økonomi og regnskap
- Stillingsfunksjon: Controller, Økonomistyring og budsjettering, Samfunnsøkonomi
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
økonomisjef, controller, økonomileiar, CFO, økonomileder
(1/8)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 331714204
- Sist endret







