Driftsteknikar
Alti Forvaltning AS
- Frist 04.01.2024
- Ansettelsesform Fast
Driftsteknikar - Alti Førde
DRIFTSTEKNIKAR – ALTI FØRDE, 100% STILLING
Vi skal tilsette ein serviceinnstilt driftsteknikar ved Alti Førde. Det kan også vere aktuelt å arbeide på andre eigedomar som Alti Forvaltning AS har i Førde. Senteradministrasjonen ved Alti Førde består i dag av senterleiar, marknadskoordinator i deltidsstilling, tekstforfattar på deltid, samt to vaktmeistrar. Den eine vaktmeistaren sluttar ved utgangen av februar 2024.
Arbeidsoppgåver og ansvarsområde:- Dagleg drift, vedlikehald og tilsyn av bygningsmasse på kjøpesenteret og ved
eigedomar som er tilknytta Alti Førde (inkludert teknisk utstyr, ventilasjon,
varme, kjøl, heis, rulleband m.v.) - Snekkararbeid og anna teknisk arbeid i samband med ombygjingsprosjekt og
tilpasningar for leigetakarar - Forskjellige vaktmeisteroppgåver som tilsyn, spyling av parkeringsplassar,
rydding, strøing og liknande
- Helst fagbrev som driftsteknikar, rørleggjar, tømrar innan elektro/automasjon eller liknande. Relevant erfaring kan kompensere for manglande utdanning
- God teknisk forståing, praktisk anlagt og ikkje redd for å ta i eit tak
- Gode norskkunnskaper, både skriftleg og munnleg
- Strukturert og god på å planlegge, og god gjennomføringsevne
- Serviceinnstilt overfor kundar og leigetakarar, generelt samarbeidsorientert og godt humør
- Tek initiativ, og får utført arbeidet
- Fleksibel og løysingsorientert
Driftsteknikar rapporterer til senterleiar. Arbeidsstad vil vere på Alti Førde og eigedomar som er tilknytt dette.
- Spennande og utfordrande arbeidsoppgåver i eit triveleg, inkluderande og sosialt miljø
- Alti Forvaltning AS er i vekst, og er blant Noregs største forvaltarar av kjøpesenter/næringseigedomar
- Fadderordning med opplæring i ulike driftssystem, rutinar og tekniske anlegg
- Gode moglegheiter for fagleg utvikling
- Samling for nytilsette ved hovudkontor
- Tur-/aktivitetsdagar
- Løpande medarbeidarundersøkingar
- Fagseminar og større arrangement for tilsette
- Tilgang til feriehusvere i Spania
- Konkurransedyktige vilkår, gode pensjon- og personalforsikringsordningar
Spørsmål om stillinga kan rettast til:
Rolf Arne Rognaldsen, senterleiar, tlf.: 954 21 454
Søknadsfrist 4. januar 2024.
Er du interessert i å jobbe med oss, men kanskje ikkje akkurat med denne stillinga? Send oss ein open søknad HER
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
- Sektor: Privat
- Sted: Storehagen 9, 6800 Førde
- Bransje: Eiendom, Håndverkstjenester
- Stillingsfunksjon: Driftsoperatør/vaktmester, Håndverker
Nøkkelord
Drift, Tekniker, Driftstekniker, Eiendomsdrift, Vedlikehold av bygg
(1/2)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 331634705
- Sist endret

