On-site Teknikar, Nye SUS
Helse Vest IKT
- Frist 2.1.2024
On-site teknikar
Seksjon for Lokalstøtte har ansvar for drift og forvaltning av Helse Vest sitt sluttbrukarutstyr.
Det inkluderar PC, skrivarar, nettbrett, tynne terminalar og mykje meir.
Nye Stavanger Universitetssjukehus er snart klar til innflytting, og vi treng deg til å bidra med leveransane av framtidas IKT-løysingar i det nye sjukehuset.
Arbeidsoppgåver
- Leveranse av IKT-sluttbrukarutstyr som PC-ar, skrivarar, skjermar, betalingsterminalar o.l.
- Varelogisikk
- Deltaking iprosjektet for leveransane til det nye sjukehusbygget.
Kvalifikasjonar
- Erfaring frå reparasjon, feilsøking og montering av sluttbrukarutstyr som PC-ar, skrivarar, skjermar, m.m.
- Kunnskap og erfaring i feilsøking på Windows-operativsystem.
- Fagbrev i IKT-servicefaget, IKT-Driftsfag eller Dataelektronikarfaget er ein fordel, men ikkje eit krav.
- Førerkort klasse B.
Personlege eigenskapar
- Du er åpen og sulten på ny kunnskap og teknologi.
- Du er sjølvstendig og ansvarsbevisst.
- Du er serviceinstillt og klar til å hjelpa brukarane på sjukehuset.
- Du jobbar godt i team.
Vi tilbyr
- Interessante utfordringar med moglegheit til fagleg og personlig utvikling.
- Mulighet for å vere med på å forme framtidas IKT-løysingar innanfor helse.
- Meningsfullt og samfunnsnyttig arbeid som bidrar til å forenkle pasientbehandlingen på Vestlandet.
- Deltaking på spanande oppgåver innanfor lokale og regionale prosjekt.
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer.
- Fleksibel arbeidstidsordning, inkludert fleksitid.
- Lønn etter avtale.
- Medlemskap i KLP som sikrar gode pensjonsrettigheter.
- Trygg arbeidsplass med forutsigbare rammer.
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Helse Vest IKT leverer alle IKT-tenester til spesialisthelsetenesta i Helse Vest. Våre kundar er både dei offentlege sjukehusa i Helse Vest, samt fleire private helsetenesteleverandørar i regionen. Vi har kontor i Bergen, Stavanger, Førde og Haugesund.
Vi sikter mot å betre helsetenesta ved innovativ bruk av IKT-løysningar. Vi har som mål å innføre teknologi som gjer pasientbehandlinga på sjukehusa tryggare og meir effektiv. Vi er eit framtidsretta miljø som kontinuerleg samarbeider med føretaka for å hjelpe dei med innovative arbeidsmåtar. For å klare det, er vi avhengig av å være ein variert miks av tilsette. I tillegg til teknologi- og IT-hovud, har vi flinke folk i stabs- og stønadsfunksjonar, og ikkje minst med helsefagleg bakgrunn.
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Vil du bli betre kjent med oss og lese meir om kva vi driver med? Gå inn på helse-vest-ikt.no
- Antall stillinger: 5
- Sted: Professor Olav Hanssens vei 7, 4021 Stavanger
- Bransje: Helse og omsorg, IT
- Stillingsfunksjon: Drift/Operations, IT-support
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
support, drift, hardware, nybygg, on-site
Annonseinformasjon
- FINN-kode 330949056
- Sist endret