Medarbeidar i fritidsklubb i Øygarden kommune, 14% vikariat
Øygarden kommune Kultur
- Frist 17.12.2023
- Ansettelsesform Engasjement
Medarbeidar i fritidsklubb i Øygarden kommune, 14% vikariat
Øygarden kommune er ein MOT-kommune og MOT-verdiane står sentralt i alle våre klubbtilbod.
Vil du vere med på å skape gode møteplassar for barn og unge i Øygarden?
Fritidsklubbane i Øygarden skal vere opne og inkluderande møteplassar med gode aktivitetstilbud.
Ågotnesklubben har no ledig vikariat frå skulestart i januar til sommarferien 2024, med moglegheit for forlenging. Klubben skal vere ein god møteplass for barn på 5.-7. trinn. Klubben held til på Frihuset på Ågotnes, og har opningstid kvar onsdag kl. 17.30-20.00 gjennom heile skuleåret. På klubben kan ein spele brettspel, game eller vere med på ulike kreative aktivitetar. Ulike arrangement og utflukter står også på programmet. Barn og unge skal sjølv få vere med og bestemme innhaldet i klubben.
I tillegg til fritidsklubbar rommar Frihuset også aktivitetane til ulike frivillige organisasjonar, og ein BUA-sentral der ein kan låne seg gratis sports- og friluftsutstyr.
Arbeidsoppgåver
- Vere aktivt tilstades som ein trygg vaksen på klubben
- Ta initiativ til aktivitetar med barna
- Delta i planlegging av klubbkveldar
- Førebu og gjere innkjøp av matvarer, utstyr og materiale til aktivitetar
- Delta på personalmøte og bidra med innspel til saker
- Bidra med marknadsføring i sosiale medium og andre kanalar
Kvalifikasjonar
- Krav om erfaring frå arbeid med barn og ungdom
- Ønskjeleg med påbyrja utdanning på universitet/høgskulenivå
- Kunne kommunisere godt på norsk både skriftleg og munnleg
- God digital kompetanse er ein fordel
- Det er ønskjeleg med kjennskap til MOT sine verdiar og gjerne erfaring frå MOT i skulen
- Kompetanse innan kunst og handtverk, musikk eller andre relevante kulturaktivitetar er ønskjeleg, men ikkje eit krav
- Det er krav om gyldig politiattest
- Du trivst med å jobbe aktivt med målgruppa og i samarbeid med andre
- Du kommuniserer lett og presist på ein ukomplisert måte, både skriftleg og munnleg
- Har evne til å motivere målgruppa og skape eit godt fellesskap
- Du er ein trygg vaksen i møte med barn og unge
- Du har god gjennomføringsevne
Personlege eigenskapar vil bli høgt vekta.
Vi tilbyr
- Meiningsfull jobb der du kan gjere ein forskjell for barn og unge
- Utfordrande, varierte og spanade arbeidsoppgåver
- Godt arbeidsmiljø
Har du spørsmål? Ta gjerne kontakt!
Rådgjevar Ung kultur Hilde Kristin Egeland telefon 975 85 142
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø preget av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å legge til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vil det setjast opp ei offentleg søkjarliste innehaldande namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å førast opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
- Sektor: Offentlig
- Sted: Øygarden rådhus, Foldnesvegen 1, 5354 Straume
- Bransje: Barn, skole og undervisning
- Stillingsfunksjon: Omsorg og sosialt arbeid
Nøkkelord
Fritidsklubb, assistent
Annonseinformasjon
- FINN-kode 330943870
- Sist endret