Assisterande rektor
Sunnfjord kommune
- Frist 10.12.2023
- Ansettelsesform Fast
Vil du vere med å leie Naustdal skule?
Naustdal skule har om lag 340 elevar frå 1. til 10. trinn, 70 elevar ved SFO og 55 tilsette. Skulen har nye, fine lokale med attraktive uteområde i tilknyting til hall og idrettsanlegg, bibliotek, sentrumsfunksjonar og fjord og fjell.
Skulen driv aktivt med pedagogisk utviklingsarbeid der vi over tid har hatt fokus på inkluderande læringsmiljø, begynnaropplæring og vurderingspraksis som fremjar læring og utvikling i tråd med intensjonane i fagfornyinga. Dette er utviklingsområde som alle skulane i Sunnfjord arbeider med.
Vi har ledig 100 % fast stilling som assisterande rektor
Vi søker deg som kan vere med å vidareutvikle arbeidet med å skape ein god skule for alle, gje alle elevane eit inkluderande og trygt læringsmiljø og legge til rette for eit godt arbeidsmiljø for tilsette. Du må kunne vere med på å leie læreplanarbeid og rammeplan for SFO, du er ein pådrivar for profesjonsutvikling, og støttar tilsette i det viktige arbeidet med å ruste elevane til å ta del i samfunnet.
Leiinga ved skulen består av rektor og to assisterande rektorar. Stillinga er for tida delt i 60 % leiingsressurs og 40 % undervisning. Hovudansvar vil vere knytt til barnetrinnet, men vi legg vekt på å fordele oppgåver og leiaransvar ut frå den samla kompetansen i leiinga, og med fokus på heilskapleg læring frå 1. til 10. trinn. Det er utvikla ei leiarplattform for leiarrolla ved skulen. Denne vil bli tilsendt søkarar som vert kalla inn til intervju.
Kvalifikasjonar:
- godkjent pedagogisk og fagleg kompetanse for undervisning i grunnskulen
- undervisningserfaring frå barnetrinnet
- god skriftleg og munnleg framstillingsevne
- gode IKT-ferdigheiter
Relevant leiarerfaring, og personlege eigenskapar som evne til samarbeid, samskaping og dialog, vert vektlagt.
Vil du vere med å jobbe i eit godt arbeidsmiljø med engasjerte og kunnskapsrike kollegaer? Då kan dette vere jobben for deg! Vi kan tilby spennande arbeidsoppgåver, og god pensjons- og forsikringsordning.
Vitnemål og attestar skal lastast opp i søkarbasen. Du må opplyse om referansar i søknaden. Aktuelle søkarar vert kalla inn til intervju og referansar vert kontakta.
Politiattest av ny dato må leggast fram før start i stilling.
Velkomen som søkar, vi ser fram til å høyre frå deg!
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
- Sektor: Offentlig
- Sted: Berrvellene 16, 6817 Naustdal
- Bransje: Barn, skole og undervisning
- Stillingsfunksjon: Lærer/Lektor, Rektor / Ass. Rektor
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
skoleledelse, oppvekst, skoleutvikling, assisterende rektor, lærer
Annonseinformasjon
- FINN-kode 330754132
- Sist endret