Funksjonsleiar Medisinsk biokjemi, Haugesund
Helse Fonna HF
- Frist 31.12.2023
Funksjonsleiar Medisinsk biokjemi - Haugesund Sjukehus
Vi søker etter ein tydeleg, handlekraftig og positiv leiar til fast stilling som funksjonsleiar ved Medisinsk biokjemi i Haugesund, Avdeling for Laboratoriemedisin. Vi ser etter deg som er flink til å koordinere og følje opp prosessar, har evne til å leie team og har gode relasjonelle og medmenneskelege eigenskapar. Du er god til å samhandle med andre einingar og yrkesgrupper.Avdeling for laboratoriemedisin er i ein endringsprosess, så me ser etter deg som vil medverke positivt til korleis arbeidet skal organiserast framover både i eige laboratorie og i avdelinga.
Medisinsk biokjemi er eit av seks laboratorium i Avdeling for Laboratoriemedisin i Helse Fonna. Laboratoriet utfører analysearbeid innan generell kjemi, og har døgnkontinuerleg drift.
Medisinsk biokjemi flytta inn i nye flotte lokalar august 2021. Medisinsk biokjemi har fått ny analysehall med nytt utstyr og ny teknologi.
Medisinsk biokjemi er akkreditert etter ISO 15189
Stillinga er ei dagtidsstilling.
Ved intern ansettelse kan det bli ledig anna fast ingeniørstilling, oppgi gjerne i søknaden om dette er av interesse.
Arbeidsoppgåver
- Ansvar for den daglege drifta
- Ansvar for fag, kvalitet og personal
- Budsjettansvar og økonomioppfølging
- Ansvar for utarbeiding av turnusplanar
- Ansvar for å bidra med helhetlig og strategisk tenkingog vere ein aktiv bidragsytar i arbeidet med å vidareutvikle avdelinga iht. vedtatte mål og strategiar
- Samarbeide tett med avdelingsleiar, avdelingsoverlege og leiargruppa i Avdeling for laboratoriemedisin
- Bidra til kompetanseutvikling og godt arbeidsmiljø.
- Sikre tett samarbeid internt i føretaket samt god samhandling med kommunane.
- Ansvar for at enheten har fungerande systemer for internkontroll og HMS
Kvalifikasjonar
- Det er ein fordel med dokumentert leiarkompetanse og/eller leiarerfaring
- Bioingeniør med norsk autorisasjon. Alternativt anna helseutdanning med relevant erfaring kan vurderast, og med det føreset at søkar er villig til å opparbeide kompetanse innanfor laboratoriedrift
- Det er ein fordel med erfaring frå prosedyreskriving, metodevalidering, databearbeiding og innkjøp av større instrumentpark
- Må meistre godt norsk både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Du har gode samarbeidsevner, jobber sjølvstendig, viser handlekraft, er løysings- og endringsorientert
- Du har eit godt lag med folk og får fram det beste i dei
- Du er ein motiverande faktor og bidreg positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
- Du har god fagleg vurderingsevne, arbeider målretta, nøyaktig og strukturert
- Interesse for utvikling og forbetringsarbeid
- Evne til raskt å sette seg inn i nye saksområde
- Du arbeider målretta, toler å stå i krevande situasjonar og har god stressmestring
- Vilje til å vidareutvikle deg som leiar
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
Vi tilbyr
- Stillinga er ei dagstilling
- Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø med kompetente og stolte medarbeidarar
- Høgt fagleg nivå
- Lønn etter avtale
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Helse Fonna har rundt 4000 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.
- Sted: 5504 Haugesund
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Bioingeniør, Helsepersonell, Ledelse
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Medisinsk biokjemi, Leder, Bioingeniør
Annonseinformasjon
- FINN-kode 330643929
- Sist endret
