Intensivsjukepleiar
Helse Bergen
- Frist 10.1.2024
Intensivsjukepleiar
Intensivmedisinsk seksjon behandlar oppunder 600 pasientar årleg i alle kategoriar frå barn til vaksne. Seksjonen held høg fagleg standard og har eit godt og spennande miljø. Eksempel på avansert intensivbehandling som blir brukt er respirator, hemofiltrasjon og ECMO. Seksjonen har pasienten i sentrum med eit stort fokus på fag, forsking og utdanning. Intensivmedisinsk seksjon er ei topp moderne intensiveining på 13 intensivsenger.Det er nærare 100 intensivsjukepleiarar og 12 intensivlegar tilsette ved seksjonen.
Vi har ledig 100% fast stilling for intensivsjukepleiar med arbeid for tida kvar tredje helg. Utgangspunktet er tredelt turnus i årsarbeidsplan, med moglegheit for tilrettelagt arbeidstid og stillingsstorleik.
Arbeidsoppgåver
- Kontinuerleg observasjon, vurdering og behandling av pasientens tilstand
- Sette i verk tiltak ved endring i pasientens tilstand
- Sette i verk behandlingav intensivpasientenifølge ordinasjon og i forståing med lege
- Dokumentere i elektronisk kurve og journalsystem
- Administrere ordinerte medikament og væskebehandling
- Anvende avansert medisinsk teknisk utstyr
- Rettleiing av studentar og kollegaer
- Ivareta pårørande
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Relevant vidareutdanning
- Må meistre norsk skriftleg og munnleg
- Personlege eigenskapar vil bli lagt vekt på
Personlege eigenskapar
- Du er fagleg dyktig
- Du likar å vere fagleg oppdatert, og har pasienten i fokus
- Du er sjølvstendig, strukturert, nøyaktig og ansvarsbevisst
- Du er samarbeidsvillig, fleksibel, har gode kommunikasjonsevner og likar å jobbe i tverrfaglege team
- Du er tilpassingsdyktig, harorganisasjonsforståingog ønsker å bidra til eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Ein arbeidsplass med høg fagleg standard
- Eit tverrfagleg arbeidsmiljø med fokus på fagleg og personleg utvikling
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Tidspunkt for tilsetting etter nærare avtale
Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 13.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Antall stillinger: 4
- Sted: Haukelandsveien 22, 5009 Bergen
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Intensiv
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
intensivsykepleier, intensivsjukepleiar
Annonseinformasjon
- FINN-kode 330518554
- Sist endret