Tilkallingsvikar som landbruksrådgjevar i Lom og Skjåk
Skjåk Kommune Sentraladministrasjon
- Frist 12.12.2023
- Ansettelsesform Vikariat
Skjåk kommune treng tilkallingsvikar, for tida ved landbrukskontoret for Lom og Skjåk.
Som tilkallingsvikar vil du i hovudsak jobbe med saker etter jordlova og konsesjonslova, delingssaker, ulike tilskotsordningar innan jordbruket, plansaker mv. Kontakt med landbruksnæringa og matprodusentar i området vil stå sentralt.
Kvalifikasjonar
Kommunen søkjer ein person med brei erfaring frå arbeid med jordbruksfaglege problemstillingar. Landbruksfagleg utdanning eit krav, høgskule eller universitet er ønskjeleg.
Erfaring frå arbeid i, og kunnskap om, offentleg forvaltning vil bli vektlagt. Kjennskap til stønadsordningane innan jordbruk er ein fordel. Den som vert tilsett må ha førarkort for bil.
Vi søkjer ein utoverretta og samarbeidsorientert person som kan vere med å utvikle landbruket i Lom og Skjåk, og som har:
- gode kommunikasjon- og samarbeidsevner
- god skriftleg og munnleg framstillingsevne. Kommunen har nynorsk som administrasjonsspråk
- evne til å arbeide sjølvstendig, systematisk og strukturert
Vi tilbyr
- Tilsetting på kommunale vilkår med løn etter avtale
- Pensjonsordning i KLP
Spørsmål om stillinga kan rettast til landbrukssjef Erling Dagsgard, mobil 90999496. erling.dagsgard@skjaak.kommune.no
Søknadsfrist 12. des. 2023
- Elektronisk søknadsskjema
- Søkjarlista vil bli offentleggjort
Kommunedirektøren
Annonseinformasjon
- FINN-kode 330514380
- Sist endret