Lærarvikariat ledig på Tonstad skule
Sirdal kommune
- Frist 12.12.2023
- Ansettelsesform Engasjement
Lærarstilling
Vi treng lagspelarar som ønskjer å bli med på vårt lag. Er det deg?
Ser du verdien av å bu i ein flott innlandskommune, med eit trygt oppvekstmiljø og lett tilgang til flott natur? Då bør du nytte sjansen til å søkje på vikariat ved Tonstad skule.
Inntil 100% vikariat frå snarast mogleg ut skuleåret, med mogleg forlenging
Tonstad skule treng lærarar som er engasjerte, fleksible og positive. Vi er ein fulldelt kombinert skule (1.-10.trinn) med om lag 190 elevar, og er opptekne av at elevane våre skal ha ein skule der det er godt å vera og godt å læra. Då treng vi deg som har lyst til å bidra, og som har idear om korleis ein kan jobbe mot dette målet.
Skulen arbeider aktivt med skuleutvikling i eit profesjonsfellesskap, samt med tiltak for å sikra elevane eit godt læringsmiljø. Her er alle gode krefter velkomne til å vera med.
Skulen vår har flotte fasilitetar til undervising, både ute og inne. Lærarar har gode arbeidsplassar, mange med eiget kontor. Her finn du mange gode arbeidskollegaer og mange flotte elevar.
Skulen ligg i kommunesenteret Tonstad, med kort veg til idrettshall m/idretts- og fotballbanar, fotballhall, kulturhus og ein fin strand ved elva Sira. Symjehallen ligg vegg-i vegg med skulen og Tonstad barnehage er næraste nabo. Det er korte avstandar til alt du treng.
Sirdal kommune kan vera behjelpeleg med å finne bustad.
Sirdal kommune har gode velferdstilbod til sine tilsette, som mellom anna leilegheit midt i Kristiansand og hytte ved Svennevig nær sjøen.
Kompetanse:
Vi søkjer lærarar som oppfyller opplæringslova sine krav om tilsetting og undervisingskompetanse.
Dei som blir tilsett må til saman dekke det fagbehovet som skulen har. Søkjarane må beherske norsk både skriftleg og munnleg.
Skulen har særleg behov for deg med fagkompetanse i norsk, engelsk, KRLE og/eller samfunnsfag.
Vi søkjer etter deg som er opptatt av relasjonsbygging og er ein trygg vaksenperson. Lærarar som tar initiativ, er positive og utviklingsorienterte er det alltid plass til hos oss.
For stillinga gjeld:
Løn og tilsetting på kommunale vilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk. Sirdal kommune har lokale tillegg på lønsstigen.
Tilsettingsforholdet er med Sirdal kommune, ikkje den einskilde arbeidsstaden. Søkjarar kan ønskja arbeidsstad, men tilbod om stilling kan fråvika dette.
Me tek atterhald om intern overføring/rokkering, omorganisering, forrett etter HTA eller ved overtal.
Vi ønskjer at alle nyttar elektronisk søknadsskjema til stillingar i Sirdal kommune.
Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju. Den som blir tilsett, må levera godkjend politiattest.
Spørsmål om utlysinga kan rettast til rektor ved Tonstad skule,
Petter M. Røssland tlf. 971 62 627 eller kommunalsjef oppvekst Elisebeth Åvesland tlf. 412 14 394
Søknadsfrist: 12.desember 2023
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
- Sektor: Offentlig
- Sted: Tonstadveien 28, 4440 Tonstad
- Bransje: Barn, skole og undervisning
- Stillingsfunksjon: Allmennlærer/kontaktlærer
Annonseinformasjon
- FINN-kode 330344131
- Sist endret