Rådgjevar sirkulærøkonomi
Vestland fylkeskommune
- Frist 11.12.2023
Rådgjevar Sirkulær økonomi
Vil du vere med å utvikle ein sterkare sirkulær økonomi i Vestland? Det er eit stort potensial for fleire og betre sirkulære løysingar både i næringslivet og offentleg sektor, mellom sektorar. Da må vi samarbeide på tvers av bedrifter, næringslivsaktørar, forskingsmiljø, utdanningsinstitusjonar og kommunar. Og det må gjerast i samspel med det som skjer i resten av Noreg og ikkje minst i EU. Det er mange aktørar som jobbar på dette feltet. Vestland fylkeskommune har eit særleg ansvar for å setje retning, mobilisere og koordinere.
Dette treng vi di hjelp til. Iseksjon for forsking, kompetanse og internasjonalisering har vi ledig stilling som rådgjevar på dette feltet.
Arbeidsoppgåver
- Vere i dialog med og kople aktørar som jobbar med sirkulære løysingar (og styrke det regionale økosystemet for sirkulær økonomi)
- Bidra til å utvikle nettverk og arenaer som fremjar samarbeid om sirkulærøkonomi
- Etablere eit felles kunnskapsgrunnlag om status for arbeidet med sirkulær økonomi i Vestland
- Delta i arbeidet med å få fram meir forsking og utvikling om sirkulær økonomi og -løysingar
- Avklare behovet for kompetanse på sirkulære løysingar i næringslivet og kommunane
- Delta i internasjonale forum og følgje med på utviklinga på feltet
- Avdekke behov og bidra til utvikling av relevante verkemidlar
- Arrangere konferansar og samlingar
Kvalifikasjonar
- Minimum mastergrad
- Kunnskap om sirkulærøkonomi opparbeidd gjennom utdanning og/eller praksis
- Kjennskap til regionale innovasjonssystem
- Kjennskap til forskings- og utdanningssektoren
- God kunnskap om næringslivet i Vestland
- Erfaring med å leie prosessar og kople aktørar
- God kunnskap i norsk og engelsk
Personlege eigenskapar
- Sjølvstendig og initiativrik
- Gode relasjonelle eigenskapar
- Evne til å kommunisere med ulike grupper og byggje nettverk
- Evne til å ta ei heilskapleg tilnærming og sjå tematiske koplingar
- Gode analytiske evner
- Evne til å raskt setje seg inn i nye fagområde
Kvifor skal du velge oss?
- Hos oss får du faglege utfordringar og personleg utvikling i eit sterkt tverrfagleg miljø. Vi har rammer somsikrar deg ein fornuftig balanse mellom jobb og fritid: du får fleksitid, betalt overtid og sommartid.
- Vi er IA-bedrift med gode forsikrings- og pensjonsordningar.
- Vi veit at mange ønsker seg ein fleksibel arbeidskvardag med moglegheiter for å veksle mellom å jobbe heimanfrå og møtast på kontoret. Det vil vi sjølvsagt legge til rette for.
Her kan du bli betre kjent med oss: Jobb og karriere i Vestland fylkeskommune
Har du spørsmål eller berre lyst å høyre meir om jobben? Ikkje nøl med å ringe, vi fortel gjerne.
Andre opplysningar:
- Arbeidsstad i Bergen, Leikanger eller på Stord
- Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk
- Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
- Sted: Lars Hilles gate 22, 5008 Bergen
- Bransje: Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Prosjektledelse, Rådgivning, Samfunnsviter
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
sirkulærøkonomi, nettverksbygging, kompetanse, internasjonal, næringsliv
Annonseinformasjon
- FINN-kode 329968757
- Sist endret