Kommunikasjonsrådgjevar - UiB Hav (seniorrådgjevar)
Universitetet i Bergen
- Frist 15.12.2023
- Ansettelsesform Fast
Kommunikasjonsrådgjevar – UiB Hav (seniorrådgjevar)
Kommunikasjonsrådgjevar - UiB Hav (seniorrådgjevar)
Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Kommunikasjonsrådgjevar - UiB Hav (seniorrådgjevar)
I fakultetsadministrasjonen ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet er det ledig ei stilling som kommunikasjonsrådgjevar. Stillinga er knytt til UiB Hav som ledd i arbeidet med å posisjonere UiB inn mot ein KIC (Knowledge and Innovation Communities) innan «Waters and Oceans». Posisjoneringsarbeidet vil gå langs mange aksar, ikkje minst er det viktig å synleggjere UiB sin omfattande marine forskings-, utdannings- og innovasjonsaktivitet for breie målgrupper på ulike arenaer.
Om Det matematisk-naturvitskaplege fakultet
Det matematisk-naturvitskaplege fakultet (https://www.uib.no/matnat) (Mat.Nat.) er eit av sju fakultet ved Universitetet i Bergen. Fakultetet består av sju institutt som saman utgjer grunnstamma av forsking og utdanning innan matematikk, kjemi, fysikk, informatikk, geofysikk, samt geologiske- og biologiske fag. Mat.Nat. er også vertskap for UiBs satsingsområde innan marin forsking og klima og energiomstilling. Stillinga som kommunikasjonsrådgjevar vil formelt sett inngå i kommunikasjonsteamet ved fakultetet. Ansvaret for prioriteringar ved UiB Hav ligg imidlertid hos marin dekan, som dermed vil ha arbeidsleiaransvar for kommunikasjonsrådgjevaren.
Arbeidsoppgåver:
- Kommunisere og promotere relevant marin aktivitet og forsking ved UiB i ulike media og på nett
- Løfte frem marin forsking i ulike media gjennom å bidra til oppslag og kontakt mellom forskarar og media
- Planlegge og gjennomføre ulike typar arrangement og events i regi av satsingsområdet UiB Hav for synleggjering og omdømmebygging samt arrangement der UiB Hav deltar.
- Bidra i nettverksarbeid lokalt, nasjonalt og internasjonalt med mål om ein søknad om KIC Waters and Oceans i 2025
- Bidra aktivt til søknadsarbeid knytt til andre kjelder (EU, NFR mv)
- Utarbeide kommunikasjonsplanar i samarbeid med fagleg leiing for prosjekt og eit breitt spekter av arrangement, og ha ansvar for praktisk gjennomføring av disse
- Søke om støtte til og gjennomføre større kommunikasjonsprosjekt
- Handtere andre oppgåver for UiB Hav ved behov
Stillinga vil inngå i teamet UiB Hav, og andre oppgåver innafor denne gruppa sitt arbeidsfelt vil kunne leggjast til.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
- Relevant utdanning, helst på masternivå. I særskilte høve kan lang og relevant erfaring kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kompensere for manglande formell utdanning.
- Erfaring med forskingsformidling og prosjektarbeid
- Teft for dei gode mediesakene
- Teft for val av kommunikasjonskanalar for ulike saker og målgrupper
- Stødig skriftleg og munnleg framstillingsevne (norsk og engelsk)
- Interesse for fagområdet HAV og for forsking ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet
- Eit analytisk blikk på eksisterande og kommande sosiale medium og andre kommunikasjonskanalar
- Kompetanse innan digital kommunikasjon
- God forståing av korleis tilpasse innhald til relevante målgrupper
Personlege eigenskapar
- Ein god lagspiller og relasjonsbygger
- Strukturert og sjølvgåande
- Gode samarbeidsevner
Vi kan tilby:
- Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
- Stilling som seniorrådgjevar (kode 1364) i lønssteg 65 - 72, for tida kr. 635 400 - kr. 720 100 i det statlege lønsregulativet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
- Medlemsskap i Statens pensjonskasse
- Gode velferdsordningar (https://www.uib.no/foransatte/17399/velferd)
Generell informasjon:
Utfyllande opplysingar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: assisterande fakultetsdirektør Kristine Breivik, e-post: kristine.breivik@uib.no, tlf.: +47 55 58 81 50, professor, visedekan for marin satsing Øyvind Fiksen, e-post: oyvind.fiksen@uib.no, tlf. +47 55 58 46 24. For HR-relaterte spørsmål, ta kontakt med Eva Beate Hårklau, eva.harklau@uib.no.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Nærare om tilsettingsprosessen her (https://www.uib.no/hr/74251/ansettelsesprosessen).
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Christiesgt. 18, 5020 Bergen
- Bransje: Forskning, utdanning og vitenskap, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Markedsfører, PR og informasjon, Rådgivning
Annonseinformasjon
- FINN-kode 329966072
- Sist endret