Pedagog/spesialpedagog
Florø barneskole
- Frist 6.12.2023
Ledig fast 100% stilling som lærar frå og med 01.01.2024
Vi søker deg som har elevane i fokus og skaffar deg innsikt i deira behov. Du samarbeider med andre pedagogar, fagarbeidarar og miljøterapeutar for å skape eit godt og trygt skolemiljø for alle elevane våre. Du ser moglegheitene til å legge til rette for ein inkluderande praksis slik at alle elevane kjenner dei høyrer til i sin klasse. Vi er ute etter deg som vil delta i å profesjonalisere det pedagogiske arbeidet gjennom deltaking i kompetanseheving på ulikt vis.
Som ein av oss tek du del i eit fagleg sterkt arbeidsmiljø som finn dei beste løysingane. Vi er eit fagteam der leiarar, pedagogar, fagarbeidarar og miljøterapeutar saman jobbar systematisk for å gjere skolekvardagen best mogleg for alle elevane. Vi liker å jobbe smart og nyttar ulike digitale verktøy og system. Vi arbeider etter gode planar, jobbar strukturert og legg stor vekt på å få eit godt samarbeid med elevar og foreldra.
Arbeidsoppgåver
Undervisning på 1.trinnet vår 2024Kontaktlærarfunksjon
Grunnleggjande lese- og skriveopplæring
Særskilt språkopplæring
Kvalifikasjonar
Høgskoleutdanning; grunnskolelærar 1.-10.klasse/1.-7. klasse med undervisningskompetanse i faga norsk, engelsk, matematikk, samt praktisk estetiske fag som musikk, kunst og handverk og mat og helse er ønskeleg.Personlege eigenskapar
Vi treng deg som er god på klasseleiing, som har ein autoritativ vaksenstil og som er god på å bygge relasjonar. Vi er ute etter deg som jobbar strukturert og kvalitetsbevisst. Det er viktig at du er robust og klarer å stå i ein jobb som krev det meste av dei beste. Vi oppfordrar menn til å søkje.Vi tilbyr
Ein spennande kvardag saman med dei aller finaste elevane.Ein stor skule med stor fagleg kompetanse.
Eit særdeles dyktig og inkluderande kollegium.
Kollegial kompetansehevingsarbeid innan Inkluderande praksis
Kontaktinformasjon
Heidi Humlestøl, Rektor Florø barneskole, +47 41534949Arbeidsstad
Hans Blomgate6905 Florø
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Kinn kommuneReferansenr.: 4736301840
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 06.12.2023
Annonseinformasjon
- FINN-kode 329955577
- Sist endret