Instruktørtannlege (faste stillingar) ved Seksjon for oral protetikk
Universitetet i Bergen
- Frist 31.01.2024
- Ansettelsesform Fast
Instruktørtannlege (faste stillinger) ved Seksjon for oral protetikk
Instruktørtannlege (faste stillingar) ved Seksjon for oral protetikk
Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Instruktørtannlege (faste stillingar) ved Seksjon for oral protetikk
Ved Det medisinske fakultet, Institutt for klinisk odontologi, (https://www.uib.no/odontologi) er det ledig faste stillingar (innan ei ramme på 160%) som instruktørtannlege med arbeidsstad for tida ved Seksjon for oral protetikk. 40 % stillingar er mest aktuelle, men 20 % stillingar kan og vurderast.
Søkjar må opplyse kva stillingsprosent ein ønskjer, og kva arbeidsdagar som er aktuelle.
Ein gjer merksam på at sjølv om ein tilsett har arbeid ved ein spesiell seksjon, så kan ein måtte flytte til anna seksjon etter behov ved klinikken.
Ved tilsetting kreves det politiattest etter helsepersonelloven §20 a)
Arbeidsoppgåver:
Arbeidet omfattar klinisk og teoretisk (i form av seminar og demonstrasjonar) undervisning av kandidatar og studentar, delta i behandling av institusjonen sine pasientar, og rettleiing og vurdering av kandidatar og studentar både praktisk og teoretisk. I tillegg vil det vere aktuelt å vere med på å utvikle instituttet ved deltaking i prosjekt og utval. Det vil vere høve til å delta i faglege fora.
Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar:
- norsk autorisasjon som tannlege ved tilsetjingsdato
- minimum to års erfaring frå allmenn praksis som tannlege
- undervisningserfaring er eit ønskje
- må meistre norsk munnleg og skriftleg
- det er ein klar føremon at søkjar har anna ekstern stilling for å oppretthalde eigne kliniske ferdigheiter
Den som vert tilsett må kunne arbeide sjølvstendig, vere ansvarsmedviten, fleksibel og ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner. Ved vurderinga vert det lagt vekt på personlege eigenskapar.
Undervisningsspråket er til vanleg norsk
For stillingane gjeld Retningslinjer for stilling som instruktørtannlege ved UiO og UiB — Regelsamlingen documentation (http://For stillingane gjeld Retningslinjer for stilling som instruktørtannlege ved UiO og UiB — Regelsamlingen documentation)
Vi tilbyr:
- Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
- Løn for tida kr 645 000 (kode 1015) for ei fulltidsstilling i lønsregulativet i staten, eller kr 650 000 for søkjarar som har spesial-/spesialistkompetanse (kode 1353). For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
- Medlemsskap i Statens pensjonskasse
- Gode velferdsordningar (https://www.uib.no/foransatte/17399/velferd)
Søknaden skal innehalde:
- søknadsbrev der du seier noko om din motivasjon for stillinga, kvifor du søkjer og kvifor du passar til stillinga
- kva stillingsbrøk du ønskjer, og kva dagar du kan arbeide
- oversikt over utdanning og arbeidserfaring (CV)
- kopi av vitnemål, autorisasjon og relevante attestar
- søkjarar med utanlandsk utdanning må legge ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemålet og karakterutskriftene ikkje er på eit av desse språka
- to referansar (namn og kontaktinformasjon)
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: seksjonsleiar professor Morten Berge, tlf.: +47 55 58 66 36, e-post: morten.berge@uib.no
Ved tilsettjing må politiattest som ikkje er eldre enn 3 md. leggjast fram, etter Helsepersonelloven § 20 a).
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne vert oppmoda om å søkje stillinga.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Søknad, CV og vedlegg sendes elektronisk via lenke på denne sida.
Nærare om tilsettingsprosessen her (https://www.uib.no/hr/74251/ansettelsesprosessen).
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Det medisinske fakultet består av fem institutt og åtte senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 4
- Sted: Årstadveien 19, 5009 Bergen
- Bransje: Forskning, utdanning og vitenskap, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Tannhelse
Annonseinformasjon
- FINN-kode 329928638
- Sist endret