Ferievikar 2024 - Reinhaldar
Ferievikarar Åse hotell , Helse Møre og Romsdal HF
- Frist 31.1.2024
- Ansettelsesform Sommer/Sesong
Vil DU bli vår kollega til sommaren? Vi treng deg som er motivert til å gjere det beste for våre pasientar og deira pårørande. Vi ønskjer deg velkomen som søkjar, og vil gjere vårt beste for at du skal trivast.
Åse Hotell i Ålesund treng ferievikarar for reinhaldar i perioden f.o.m. veke 24 t.o.m. veke 34.
Informasjon til søkjaren
Tilsetjing vil skje fortløpande. Dersom du har jobba hos oss tidlegare, er det fint om du kan spesifisere kvar og når i søknadsteksten din. Av søknaden må det kome fram kva tid i den aktuelle perioden du kan arbeide. Ein må pårekne å arbeide annankvar helg. Det kan påreknast ei til to veker opplæring i forkant av ferieperioden. Vi ber om at attestar og vitnemål scannes og lastast opp som vedlegg til din CV.
Arbeidsoppgåver
- Du har ansvar for alt reinhald på hotellet
Kvalifikasjonar
- Erfaring frå reinhald er ein fordel
- Må beherske norsk skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- Du er engasjert, fleksibel og har godt humør
- Du ønskjer å bidra til å gi eit godt tilbod til pasientane våre
- Du er serviceinnstilt til pasientar, publikum og kollegaer
Vi tilbyr
- Høgt fagleg nivå
- Triveleg arbeidsmiljø
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn i henhold til gjeldande overeinskomst
For meir informasjon om vår region, sjå Visit Møre og Romsdal
Kontaktinformasjon
Julianne Reitan Hagerup, Seksjonsleiar, 41310694, Julianne.Reitan.Hagerup@helse-mr.noArbeidssted
Åsehaugen 76017 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 4733053909
Stillingsprosent: 100%
Ferievikar
Søknadsfrist: 31.01.2024
Annonseinformasjon
- FINN-kode 329698824
- Sist endret