Kokk med fagbrev
Bygland Kommune
- Frist 3.12.2023
Kokk m/fagbrev
Ønskjer du å bidra til gode måltid til dei eldre? Har du i tillegg ein lidenskap for mat og mykje humor?Då ønskjer me at du les vidare!
Pleie- og omsorgseininga i Bygland kommune er lokalisert på Byglandsheimen. Det er ein sjukeheim med 12 langtidsplassar, 6 plassar i bufellesskap for demente og 4 korttidsplassar.Open omsorg har også base på Byglandsheimen, og har ansvar for å levere tenesta heimesjukepleie til heimebuande brukarar. Open omsorg har og ansvar for 6 plassar i bufellesskap for eldre, og 8 omsorgsbustadar som er lokalisert på Byglandsheimen.
På Byglandsheimen har vi behov for å styrke kjøkkenteamet vårt og søker etter faglært kokk med interesse for ernæring. Vi legg vekt på å lage mest mogleg heimelaga mat med god smak, lekker utsjånad og ernæringsmessig høg kvalitet. I tillegg til å lage mat til bebuarane våre, leverer vi varm mat til heimebuande 2 gonger i veka.
Vi bruker IK-Mat som intern Kontroll av mattrygghet.
Vi har ledig ei fast 60% stilling der arbeidstida er på dagtid med arbeid kvar 3. helg.
Vi tilbyr
- Gode kollegaer i eit triveleg arbeidsmiljø og eit meiningsfullt arbeid med faglege utfordringar.
- Moglighet for kompetanseheving
- Lønn etter gjeldande tariff og godPensjonsordning i KLP
Arbeidsoppgåver
- Tilberede varm og kald mat
- Ta del i planlegging av menyar og diettlister saman med andre fagpersonar
- Oppvask/reinhald og anna førefallande arbeid tilknytta kjøkkenet
- Bestilling/mottak av varer ved behov
- Bidra til forbetrings- og utviklingsarbeid
- Arbeide etter gjeldande kvalitetsprosedyrer
Kvalifikasjonar
- Fagbrev som kokk
- Kunnskap om tilpassa ernæring til ulike brukergrupper
- Beherske digitale verktøy
- Kjennskap til IK mat
- Søkjar må beherske munnleg og skriftleg norsk
Personlege eigenskapar
- Ein trygg og stabil medarbeidar med godt humør
- Vi søker ein person som er handlekraftig, utviklingsorientert og fleksibel
- Interesse for fagfeltet
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Bygland kommune ligg midt i Setesdal. Kommunen har omlag 1200 innbyggjarar og framifrå tilhøve for friluftsliv ved fjord og fjell. Her er gode oppvekstvilkår og eit godt tenestetilbod. Vi tilbyr våre tilsette spennande arbeidsplasser der kommunen sine verdiar – stolt, truverdig, framsynt, løysingsorientert og lojal - står i fokus. Bygland kommune har nynorsk som offisiell målform.
- Sted: Sentrum 18, 4745 Bygland
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Kokk
- Arbeidsspråk: Norsk
Annonseinformasjon
- FINN-kode 329682385
- Sist endret