Byggesakshandsamar
Voss herad
- Frist 22.12.2023
- Ansettelsesform Fast
Ledig 100% fast stilling som byggesakshandsamar
Har du lyst til å vera ein del av eit aktivt team på 5 personar innan byggesak som vil vera med på å utvikla Voss?
Me søkjer etter byggesakshandsamar som vil ha fokus på god og effektiv sakshandsaming og god dialog med innbyggjarane.
Me har ledig 100 % fast stilling frå februar 2023.
Om avdelinga
Byggesak er ein del av avdeling Byggesak og næring organisert under kommunalavdeling for tekniske tenester.
Kommunen har for tida stor aktivitet innanfor sentrumsutvikling, reiseliv, hyttebygging, fortetting, bustadbygging og næringsutvikling.
Me tilbyr
- ein hektisk arbeidskvardag i ei bygd i utvikling
- spanande og varierte oppgåver i eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
- gode vilkår for fagleg utvikling
- gode forsikrings- og pensjonsordningar
- løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege, kommunale vilkår
- fleksitid
Arbeidsoppgåver ved avdelinga
- handsaming av byggje- og delesøknadar etter plan- og bygningslova
- informasjon og rettleiing av kundar
- matrikkelføring
- seksjonering
- handsaming av klagesaker
- tilsyn, oppfølging av ulovlege tiltak mm
- politisk sakshandsaming
Me ynskjer at du har
- relevant utdanning frå universitet eller høgskule, gjerne innan byggfag, arkitektur, juss eller eigedom
- erfaring innanfor plan- og bygningsrett og kjennskap til offentleg forvaltning er ein fordel
- god skriftleg og munnleg framstillingsevne, kommunen nyttar nynorsk som målform
- gode samarbeidsevner
- relevant og lang arbeidserfaring kan kompensera for manglande formell utdanning
Søknad
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.
Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.
Ver vennleg og legg ved vitnemål og attestar til søknaden.
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
- Sektor: Offentlig
- Sted: Uttrågata 9, 5700 Voss
- Hjemmekontor: Delvis hjemmekontor
- Bransje: Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Saksbehandler
Nøkkelord
byggesakshandsamar, offentleg, administrasjon, teknisk, næring
Annonseinformasjon
- FINN-kode 329678209
- Sist endret