Inaktiv
Personalsjef / HR
Kinn kommune
- Frist 18.12.2023
- Ansettelsesform Fast
Personalsjef - Bli ein del av vårt team i Kinn kommune!
Personalsjefen har det overordna ansvaret for arbeidsgjevarverksemda i Kinn kommune og opptrer på vegne av kommunedirektøren i spørsmål knytt til mellom anna personal- og kompetanseutvikling, rekruttering, lønnspolitikk, HMS og samarbeid med dei tilsette sine organisasjonar. Personalavdelinga er organisert i sentraladministrasjonen og sit i leiargruppa til kommunedirektøren.
Arbeidsoppgåver
- Leie personalavdelinga
- Tilrettelegging og sakshandsaming innan ansvarsområdet
- Utvikling og oppfølging av personalpolitiske retningsliner, system og rutinar
- Fagleg støtte ved organisasjonsutvikling og omstilling
- Rådgjeving og opplæring av leiarar og tillitsvalde
- Strategisk kompetanseutvikling
- Lokale forhandlingar om løns- og arbeidsvilkår
- Delta i relevante utval
- Aktiv deltaking i leiargruppa og andre forum
Kvalifikasjonar
- Relevant høgre utdanning
- Grunnleggande kunnskaper om lov- og avtaleverk og HMS
- God forståing for offentleg administrasjon og politikk vil bli vektlagt
- Leiarerfaring og praksis frå offentleg eller privat personalforvaltning er ønskjeleg
Personlege eigenskapar
- God rolleforståing
- Sjølvstendig og systematisk med god arbeidskapasitet
- Endringskompetanse
- Gode samarbeidsevner
- Bidra til å skape eit godt arbeidsmiljø
- God skriftleg og muntleg framstillingsevne
Vi tilbyr
- Interessante og varierte arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg kompetansemiljø
- Godt arbeidsmiljø
- God pensjonsordning
- Løn etter avtale
- Kontorstad Florø eller Måløy, må pårekne reise mellom byane
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
I Kinn har vi gode fungerande lokalsamfunn, der vi realiserer det store potensiale på kysten, flotte bu- og fritidsområde og ei berekraftig utvikling. Vi er ein av dei største kommunane i Vestland fylke med våre 17.131 innbyggarar. Som arbeidsgjevar har vi med oss 1632 tilsette, og vi ønskjer deg velkommen med på laget. I alle stillingar knytta til helse og velferd og alle stillingar i oppvekst - må tilsette pårekne koordinatoransvar.
- Sektor: Offentlig
- Sted: 6700 Måløy
- Bransje: Arbeidstaker- og arbeidsgiverorganisasjoner, HR, organisasjonsutvikling og rekruttering, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: HR, personal og rekruttering, Ledelse, Rådgivning
Nøkkelord
HR, Organisasjon, HR-sjef, personalsjef
Annonseinformasjon
- FINN-kode 329670254
- Sist endret