Fagarbeidar/assistent ved Os barnehage- Bjørnafjorden kommune
Bjørnafjorden kommune Os barnehage
- Frist 05.12.2023
- Ansettelsesform Engasjement
Fagarbeidar/assistent ved Os barnehage- Bjørnafjorden kommune
Vi har ledig 2 vikariat som fagarbeider/assistent ved Os barnehage, avdeling for småbarn. Stillingane er ledig frå snarast til og med 31.07.24.
Ei 100% stilling og ei 90% stilling
Vi søkjer deg som ønskjer å vere med på det spanande arbeidet med å utvikle Os barnehage. Barnehagen treng fagarbeider/assistent som vil vere med å bygge opp ein arbeidsplass prega av godt humør, kultur for læring og høg kompetanse. Barnehagen sine verdiar "Meistring, tryggleik og anerkjenning" er sentrale i alt arbeid med våre barn og er viktig for eit godt barnehage-heim samarbeid.
I Bjørnafjorden kommune kan vi tilby eit inspirerande og mangfaldig fagmiljø der vi jobbar målretta for å skape gode oppvekstvilkår for barna våre. Barnehageutvikling står sentralt med særleg vekt på livsmeistring og eit godt læringsmiljø.
Arbeidsstad:
Os barnehage ligg sentralt til i Os bygda. Vi har Os Gymnas, Kuventræ idrettsplass og Os marka nær oss. Byvegen ligg parallelt til Gymnasvegen, der er det god bussforbindelse i ulike retningar. Barnehagen har 8 avdelingar.
Ansvarsområder:
- Medansvar for å leggje til rette for barna sin leik, læring og utvikling.
- Delta aktivt i det daglege arbeidet med barna i barnehagen sitt inne- og utemiljø, og vere ein god rollemodell.
- Bidra aktivt og ha medansvar i planlegging, gjennomføring, vurdering og dokumentasjon av det pedagogiske og praktiske arbeidet på avdelinga.
- Bidra til å jobbe fram forbetringar og gode løysingar.
- Jobbe førebyggjande og legge vekt på tidleg innsats.
- Vera brukar og serviceorientert med ein konstruktiv kommunikasjonsform
Kvalifikasjonar:
Fagbrev i barne- og ungdomsarbeidarfaget.
Ikkje faglært blir og vurdert.
Utdanning frå utlandet skal vere NOKUT-godkjent.
Søkjar må ha gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar.
Ønskjeleg med erfaring frå arbeid med barn 0-6 år.
Vi gjer merksam på at du må leggje fram politiattest.
Eigenskapar:
Vi ser etter deg som:
- Har eit positivt menneskesyn, og gode evner til samarbeid
- Tar ansvar og initiativ, og er fleksibel
- Har gode evner til kommunikasjon og refleksjon
- Erfaring og personlege eigenskapar vert vektlagt
Vi tilbyr:
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Løn etter gjeldande avtalar
- Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.
Slik søkjer du:
Klikk på "søk på stilling" og følg vidare instruksjonar.
Eksterne søkjarar må oppretta brukarnamn og passord før dei loggar seg på første gang.
Tilsette i kommunen er allereie definert som brukar i systemet, og skal ikkje registera seg på nytt. Dersom du ikkje har internt brukarnamn og passord, kan du få dette tilsendt på e-post via funksjonen "Glemt brukernavn/passord" eller ta kontakt med personalavdelinga.
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
- Sektor: Offentlig
- Sted: Rådhuset, Torggata 7, 5200 Os
- Bransje: Barn, skole og undervisning
- Stillingsfunksjon: Barnehageassistent
Nøkkelord
Fagarbeider, Assistent, Barnehage
Annonseinformasjon
- FINN-kode 329609592
- Sist endret