Rådgivar / seniorrådgivar Landbruksøkonomisk analyse
Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO)
- Frist 10.12.2023
- Ansettelsesform Fast
Har du gode analytiske evner og ønskjer å jobbe med økonomien i jordbruket?
Nøkkelinformasjon
Økonomien i jordbruket er viktig fordi ho påverkar samfunnet på dei landbrukspolitiske måla om mattryggleik, landbruk over heile landet, auka verdiskaping og eit berekraftig landbruk med lågare utslepp av klimagassar.
Vi ønskjer å styrkje teamet! Hos oss får du jobbe i ei avdeling med viktige oppgåver som utarbeiding av grunnlagsmaterialet for jordbruksforhandlingane, samfunnsfaglege utgreiingar om landbruk, landbruksøkonomi og ressursøkonomi, verdikjedene for mat, utrekningar av sjølvforsyningsgraden, forbruk av mat, med meir.
Arbeidsstad vil vere Ås, eller Oslo
Hovudoppgåvene til stillinga
- Utarbeide grunnlagsmaterialet til jordbruksforhandlingane for Budsjettnemnda for jordbruket
- Delta i planlegging og gjennomføring av utgreiingar og andre prosjekt i avdelinga
- Utnytte NIBIOs data og tenester til økonomiske analysar og utgreiingar
- Utvikle og hente inn eksterne samfunnsfaglege prosjekt innanfor landbruks-, mat,- og biosektoren for NIBIO
- Oppgaver og ansvarsområdet kan tilpassast kompetansen din innanfor virkeområda til avdelinga
Kvalifikasjonskrav
- Relevant mastgrad, til dømes samfunnsøkonomi, bedriftsøkonomi eller statsvitskap
- Bachelorgrad innan fagfeltet kombinert med relevant erfaring frå hovudoppgåvene til stillinga kan kompensere for utdanningskravet
- Kjennskap til landbruk eller bioøkonomi eller verdikjeda for mat
- God framstillingsevne både munnleg og skriftleg på norsk
Det er ein fordel om du har
- Noko relevant yrkesrøynsle
- Noko erfaring frå samfunnsfaglege utgreiingar
- Innsikt i prosjektleiing, teamorganisering og statistiske analyseverktøy
- Regnskapskompetanse
Personlege eigenskapar
- Du har gode analytiske evner og set deg raskt inn i problemstillingar
- Du er mål- og resultatorientert og er opptatte av å levere riktig kvalitet
- Du jobbar systematisk og effektivt
- Samarbeid, kunnskap og kompetansedeling er noko du trivastmed
- Du bidrar til eit godt og positivt arbeidsmiljø, og er open og nysgjerrig på ny kunnskap
Vi tilbyr
- Moglegheit til å jobba med eit viktig samfunnsoppdrag med fokus på berekraft og framtidsretta prosjekt
- Utfordrande, spennande og varierte oppgåver i tverrfaglege team
- Ein fleksibel kvardag med moglegheit til å påverka eigne arbeidsoppgåver
- Eit sterkt fagmiljø med gode kollegaer
- Ein raus personalpolitikk med velferdsordningar og fokus på dei tilsettes ulike livsfaser
Stillinga er plassert i statleg lønnsregulativ som rådgivar kode 1434, lønnstrinn 56-69 (kr 548 600 - 679 700 pr. år) eller seniorrådgivar kode 1364, lønnstrinn 60-77 (kr 584 500 - 796 600 pr. år). Avlønning blir vurdert etter utdanning og erfaring.
Medlemskap i Statens pensjonskasse som inneber ei god tenestepensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring, og dessutan tilbod om bustadlån til gunstig rente.
Korleis søkja på stillinga
Søknad med CV sendar du elektronisk via lenkje på denne sida, "søk stillinga".
Vitnemål og attestar skal takast med ved eit eventuelt intervju, eller leggjast ved elektronisk.
NIBIO gjennomfører bakgrunnssjekk på aktuelle kandidatar via samarbeidspartnaren vår Semac AS.
Andre opplysingar
Vi legg vekt på mangfald på arbeidsplassen og oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkja - uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, hol i CV, nasjonal eller etnisk bakgrunn.
Som statleg verksemd har vi moglegheit til å gi ein positiv særbehandling for søkjarar som har funksjonsnedsetjing, hol i CV eller innvandrarbakgrunn. Positiv særbehandling inneber mellom anna at du lettare vil komma til intervju.
Les meir om dette her (https://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling).
Vi gjer merksam på at opplysingar om søkjaren kan verte gjorde offentlege, jf. Lov om rett til innsyn i dokumenter i offentleg verksemd (offentleglova), § 25. Ein søkjar kan be unntak frå oppføring på den offentlege søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette.
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Avdeling landbruksøkonomisk analyse utfører datainnsamling og analysar på makronivå for jordbruket i Noreg. Dette blir brukt som dokumentasjonsgrunnlag av forvaltninga, politikarar, forskarar, høgskular og universitet.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Oluf Thesens vei 43, 1430 Ås
- Bransje: Forskning, utdanning og vitenskap, Offentlig administrasjon, Økonomi og regnskap
- Stillingsfunksjon: Økonomi og regnskap, Regnskap, Samfunnsøkonomi
Nøkkelord
økonom, landbruksøkonomi, bærekraft, analyse, samfunnsøkonom
Annonseinformasjon
- FINN-kode 328996095
- Sist endret