AI trenar
Vestland fylkeskommune
- Frist 5.12.2023
AI trenar
Kunne du tenke deg å jobbe som AI trenar (kunstig intelligens) og vere med å utvikle og vedlikehalde chatbotane våre? Då er dette jobben for deg!
Vestland fylkeskommune har chatbotar som hjelper både tilsette, elevar og innbyggjarar med å svare på ulike typar spørsmål. Dette er eit kontinuerleg arbeid for å halde chatbotane våre relevante og utvikle dei vidare. Når ein av våre dyktige AI trenere no må erstattast, håper vi at du er den vi søkjer etter. Som AI trenar vil du inngå i eit team og vere tilsett i faggruppa service under seksjon IKT.
Arbeidsoppgåver
- Oppdatere, utvikle og trene chatbotane på boost AI plattforma
- Leie møter og delta i møter for å utvikle og forbetre chatbotane
- Samarbeide med tverrfaglege team
- Utarbeide og presentere rapportar
- Kommunisere med organisasjonen både internt på IKT og med resten av VLFK - på tvers av avdelingar
- Halde seg oppdatert på utviklinga innan kunstig intelligens og maskinlæring
Kvalifikasjonar
- Fagbrev i IKT-fag eller høgare utdanning innan informatikk, informasjonsteknologi eller liknande
- Erfaring frå arbeidsoppgåver nemnd ovanfor
- Erfaring med programmering ein fordel
- Evne til å samarbeide i team
- Erfaring med møteleiing ein fordel
Personlege eigenskapar
For å være AI-trenar er det nødvendig med ein kombinasjon av teknisk kunnskap, analytiske ferdigheiter og gode kommunikasjonsevner. Ein AI-trenar må:
- Like menneske og ha eit sterkt brukarperspektiv med forståing for brukarane sine behov og ynskjer
- Vere nysgjerrig og like å lære nye ting
- Vere ansvarsfull og pliktoppfyllande
- Ha evne til å identifisere komplekse problem og ha eit driv til å finne løysingar og optimalisere for å oppnå betre yting
- Vere særs strukturert og systematisk i tilnærminga til arbeidet
- Vere god på å samarbeide med andre
- Ha evne til å sjå heilskapen og kunne ha overblikk
- Ha ein proaktiv haldning og evne til å ta initiativ
- Ha glede av språk, vere god på rettskriving og kunne formulere seg kort og konsist - "klar tale"
Kvifor skal du velge oss?
Hos oss får du faglege utfordringar og personleg utvikling i eit sterkt tverrfagleg miljø. Vi har rammer somsikrar deg ein fornuftig balanse mellom jobb og fritid: du får fleksitid, betalt overtid og sommartid.
Vi er IA-bedrift med gode forsikrings- og pensjonsordningar.
Vi veit at mange ønsker seg ein fleksibel arbeidskvardag med moglegheiter for å veksle mellom å jobbe heimanfrå og møtast på kontoret. Det vil vi sjølvsagt legge til rette for.
Her kan du bli betre kjent med oss:Jobb og karriere i Vestland fylkeskommune
Har du spørsmål eller berre lyst å høyre meir om jobben? Ikkje nøl med å ringe, vi fortel gjerne.
Verdt å merke seg
Løns- og arbeidsvilkår er i samsvar med gjeldande avtalar i Vestland fylkeskommune.
Stillingsnemning vert ingeniør/rådgjevar/seniorrådgjevar eller spesialkonsulent fastsett på grunnlag avkvalifikasjonar og erfaring.
Administrasjonsmålet til fylkeskommunen er nynorsk.
Arbeidsstad er Vestlandshuset i Bergen.
Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Vi gjer merksam på at i fylgje offentleglova § 25,2. ledd kan opplysningar om søkaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført påoffentleg søkarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkarliste vil du alltid bli varsla førsøkarlista vert offentleggjort.
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
- Sted: Lars Hilles gate 22, 5008 Bergen
- Bransje: IT
- Stillingsfunksjon: AI / Maskinlæring, Interaksjonsdesign, IT utvikling
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
AI-trener, Interaksjonsdesign
Annonseinformasjon
- FINN-kode 328664493
- Sist endret