Kombiner studiet med ein lærerik jobb og få stipend i tillegg
Helse Fonna HF - Haugesund sjukehus
- Frist 31.12.2023
Det er svært lærerikt å jobbe i sjukehus, og du får med deg verdifull erfaring undervegs i studiet
Er du 3. års sjukepleiarstudent kan du frå hausten 2023 inngå avtale med Helse Fonna HF der du får eit stipend på kroner 25.000 (skattepliktig). Stipendet får du dersom du inngår kontrakt på å arbeide minimum 10 helger frå august 2023 til august 2024, samt 5 veker i sommarperioden 2024. To av dei 10 helgene skal inngå i sommarperioden. Stipendet blir utbetalt i månadlege rater.
Skriv i søknaden kva avdeling du helst vil jobbe ved og kva praksisplassar du har hatt i løpet av studietida.
Annonsa gjeld Kirurgisk klinikk, Medisinsk klinikk og Klinikk for psykisk helsevern
Arbeidsoppgåver
- Delta i behandling og pleie av pasientar
- Du vil vera ein del av det tverrfaglege teamet i einingane og samarbeide med kollegaer om arbeidsoppgaver
- Arbeidsoppgåver vil enten vere i kirurgisk, medisinsk eller psykiatrisk eining.
Kvalifikasjonar
- Du er 3.års sjukepleiarstudent,
- Studentbekreftelse må foreligge ved oppstart
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad
Personlege eigenskapar
- Du har eit godt lag med folk
- Du bidrar positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
- Du held roen og klarer å prioritere i stressande situasjonar
- Du kommuniserar og samarbeider godt med pasientar, pårørande og kollegaer
Vi tilbyr
- Vi gir deg ein unik moglegheit til å praktisere faget ditt i eit trygt miljø der du er omgitt av dyktige fagpersonar døgnet rundt.
- Vi gir deg eit godt innblikk i spesialisthelsetenesta, noko som er nyttig uansett kor du vel å arbeide i framtida.
- Vi medverkar til at du får utvikle breidda i sjukepleiarfaget i eit spennande, utviklande og dynamisk miljø.
Mangfoldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktinformasjon
Doreen Halleland, Avdelingsleiar - eldremedisin, 41692464Kirsten Solstrand, Funksjonsleiar - Nevrologisk avdeling, 94827389
Bodhild Håkull, Funksjonsleiar - gastrokirurgisk/urologisk post, 52732436
Astrid Maria Josefsen Bendiksen, Funksjonsleiar - ortopedisk post, 52732422
Arbeidsstad
Karmsundgata 1205528 Haugesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 4685996951
Stillingsprosent: 20%
Vikariat
Søknadsfrist: 31.12.2023
Annonseinformasjon
- FINN-kode 327438947
- Sist endret