Frisør med svennebrev - Balanzera
Balanzera AS
- Frist Snarest
- Ansettelsesform Fast
Ynskjer du å bli del av eit kollegium med svært dyktige kollegare, og ei versemd som bryr seg om deg og dine vilkår?
Vi søkjer frisørar med svennebrev og ekstra engasjement. Du bør sjå viktigheiten av å gjere ein jobb av høg kvalitet og gje kundane den beste frisøropplevinga dei kan tenke seg.
Du bør og`ha interesse av å drive med grøne frisørprodukt. Altså, om du ikkje har gjort det før må du vere open for å lære ein ny måte å arbeide som frisør på. Grøne frisørprodukt vil seie at vi er nøye på at produkta vi arbeider med ikkje skal inneholde skadelege stoff.
Altså, vi ynskjer det beste for deg, kundane og jorda vår. Men vi går absolutt ikkje på kompromi med kvalitet. Fargane vi nyttar er det fremste og mest innovative på markedet, med uendelege moglegheiter.
Så ynskjer du å arbeide i eit kreativt, trygt og godt arbeidsmiljø så ta kontakt. Vi søkjer frisørar til alle avdelingane våre, på Grünerløkka, Bislett og i Kviteseid.
Annonseinformasjon
- FINN-kode 326499603
- Sist endret