Helsefagarbeidar - 100% fast - Nordgardstunet
Alver kommune
- Frist 30.10.2023
- Ansettelsesform Fast
Vi har ledig ein fast 100 % stillingar som helsefagarbeidar i turnus med arbeid kvar 3. helg på Nordgardstunet
ArbeidsoppgåverSom helsefagarbeidar er du ein viktig del av den faglege standarden og utviklinga i avdelinga du arbeider på. Du arbeider sjølvstendig og i samarbeid med andre for å gi heilskapleg omsorg og behandling. Samarbeid på tvers av avdelingar og faggrupper er avgjerande for at bebuarane skal få best mogleg behandling og pleie. Du inngår i det tverrfaglege samarbeidet mellom sjukepleiar, fysioterapeut, ergoterapeut, sjukeheimslege med fleir.
Om Meland sjukeheim og NordgardstunetMeland sjukeheim har tre avdelingar, med fokus på dei som lever med demens, dei som treng langtidsopphald og dei som har rehabiliteringsbehov. Vår visjon er : Omsorg med livsglede og kompetanse.
Nordgardstunet er ei somatisk sjukeheimsavdeling med 22 pasientar. Pasientane som er hos oss har fast plass og vi er særleg opptatt av å legge tilrette for livsglede for dei som har fått flytta heimen sin hit. Som tilsett hos oss vil du få faglege utfordringar med koplekse sjukdomsbilete. Vi har eit godt arbeidsmiljø med lite utskiftning på faste tilsette, og mange som har heile stillingar. Meland sjukeheim arbeider med å styrkje kvalitet på tenesta. Verkemiddel her er mellom anna arbeid med årsturnus og heiltidskultur. Vidare gjev arbeid med årsturnus høve til å påverka eigen ferie og fritid.
Kvalifikasjonskrav- Autorisasjon som helsefagarbeidar.
- Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg
Vi søkjer etter helsefagarbeidarar som har eit genuint engasjement for eldreomsorg, og som vil væra med på å utvikle sjukeheimstenesta til det beste for pasientar og kolleger. Du bidrar til eit positivt arbeidsmiljø og har fokus på samarbeid. Du er ein sjølvstendig medarbeidar, har eit godt fagleg fokus, og er samvittighetsfull i di utøving av yrket.
Vi tilbyr- Engasjerte, flotte og framtidsretta kollegaer
- Eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø
- Ein aktiv kvardag med mange spennande og varierte utfordringar
- Fagleg utvikling
- Årsturnus
- Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
- God pensjonsordning gjennom KLP
I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.
Vi er AlverBli kjent med Alver kommune!
Annonseinformasjon
- FINN-kode 323909768
- Sist endret