Rektor
Klepp kommune
- Frist 31.10.2023
Rektor
Er du vår nye rektor ved Orstad skule?
Vil du vera med å gjera ein forskjell for barn g unge i Klepp Kommune? Er du opptatt av heilskapleg og framtidsretta læringsleiing med fokus på utvikling av eigen skule? Me søkjer no ein dyktig leiar som ønskjer å vera med på den vidare utviklinga av Orstad skule.
Orstad skule er ein 1-10 skule med læringssenter (forsterka avdeling). Skulen er delt inn i 3 avdelingar, avdeling 1 (1.-5.trinn), avdeling 2 (6. - 10. trinn), og avdeling 3 (Orstad Læringssenter). Totalt er det rundt 320 elevar på skulen og 65 tilsette. Administrasjonen består av administrasjonskonsulent, 3 avdelingsleiarar, SFO-leiar og rektor.
Me søkjer ein synleg rektor som har fokus på elevane sin trivsel, læring og engasjement. Som rektor er du tydeleg og viser retning, der du gjennom gode leiareigenskapar og som ein god relasjonsbyggar, legg til rette for gode prosessar for å skapa gode utviklingsmiljø for både tilsette og elevar.
Du har eit ynskje om å vidareutvikla ein god skule der profesjonsfellesskapet står sterkt, ilag med elevane, personalet og foreldra.
Du trivst i ein hektisk kvardag, der målet er å oppretthalde gode og forutsigbare rammer for elevar, tilsette og foreldre.
Orstad skule er i ein spennande prosess med rehabilitering/ombygging/omstrukturering av skulen, så rektor vil ha ei sentral rolle i arbeidet med å forma ein “ny” skule i skalet av ein eksisterande skule.
Skulane i Klepp er organisert som sjøvstendige einingar. Rektor
har det pedagogiske, administrative, økonomiske og personalmessige ansvaret for skulen innanfor gitte rammer. Rektor rapporterer til skulesjef. Den nye rektoren vår vil bli ein del av skuleleiarlaget i Kleppskulen og må vera oppteken av kvalitet i alle ledd. Det er forventa at rektor ser på profesjonelle læringsfelleskap som ein nødvendigheit for å styrkja føresetnader for elevane si læringa , danning og utvikling.
Kjernekomponentane for Kleppskulen dei neste tre åra er:
Profesjonelle læringsfellesskap, den engasjerte eleven og læreplanforståing. For Orstad skule betyr dette at satsingsområda på skulen dette skuleåret er Den engasjerte elev, med fokus på elevmedverknad og inkluderande undervisning, og læreplanforståing, med eit hovudfokus på dialogisk undervisning, kritisk tenking og vurderingspraksis.
Orstad skule har dette året systematisk teke i bruk lesson-study som metodikk for å sjå korleis me kan bruka dette som verktøy i profesjonsfellesskapet, og ha eit fokus på muntlighet i undervisninga.
Kommunen og skulen er også ein del av Jærskulen. Jærskulen er eit forpliktande samarbeid om skuleutvikling der du som leiar deltek i eit fagleg solid nettverk, på tvers av kommunane på Jæren.
Arbeidsoppgåver
- Leia og motivera tilsette i profesjonelle læringsfellesskap
- Målretta samarbeid for god trivsel og auka læringsutbyte til elevane
- Leia skuleutvikling, samt leia og utvikla skulen og Kleppskulen sin strategi og faglege profil
- Medverknad med elevar, føresette, tilsette og nærmiljøet
- Videreutvikla kvalitetssikringssystemet og sikra god skulebasert vurdering
- Driva økonomistyring og resultatkontroll
Kvalifikasjonar
- Du har relevant pedagogisk utdanning og leiarerfaring
- Du har erfaring og kunnskap frå pedagogisk utviklingsarbeid og skuleutvikling
- Du har gjennomført rektorskulen eller tilsvarande leiarutdanning
- Du har kunnskap og erfaring innan digitalisering i skulen
- Personlege eigenskapar vert vektlagt
- Politiattest av nyare dato må leggjast fram før oppstart
Personlege eigenskapar
- Du involverer gjennom profesjonelle lærande fellesskap og har gjennomføringsevne
- Du er tydeleg og synleg som rektor og motiverer til felles innsats for læring og utvikling i alle ledd
- Du er god til å kommunisera, leggja til rette for samarbeid og skape gode relasjonar på alle nivå
- Du er inkluderande og har blikk for alle
- Du er opptatt av dialog og har ein verdsettande måte å leia tilsette på
- Du er fleksibel, lojal og har godt humør
- Du jobbar sjølvstendig, målretta og strukturert
Vi tilbyr
- Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
- Lønn etter avtale
- Rettleiing for nye rektorar
- Tett samspel med andre skuleleiarar i kommunen og Jærskulen
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
- Tilsetjing skjer på dei vilkår og med dei plikter som går fram av utlysing, gjeldsande lovar, reglement og tariffavtalar
Oppstart etter avtale
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Klepp er den største av kommunane på Jæren, med over 20 000 innbyggarar og om lag 1700 tilsette. Me ligg ein kort køyretur frå Stavanger og Sandnes.
Kommunen vår har dei flottaste strendene i heile regionen, me har ein spennande kulturhistorie, og ei god blanding av landbruk, industri og varehandel.
Visjonen vår er Med blikk for alle . Me ønskjer tilsette som tek i eit tak, bryr seg og tenkjer fritt.
- Sted: Skogvegen 26, 4353 Klepp stasjon
- Bransje: Barn, skole og undervisning, Helse og omsorg, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Ledelse, Rektor / Ass. Rektor, Undervisning og pedagogikk
Nøkkelord
Rektor, Ledelse, Skoleleder
Annonseinformasjon
- FINN-kode 323870129
- Sist endret