Miljøterapeut
Døgnbehandling psykisk helse DPS Kristiansund, Helse Møre og Romsdal HF
- Frist 29.10.2023
- Ansettelsesform Fast
Er du interessert i fagutvikling, innovasjon og stort fokus på aktiv miljøterapi, har vi ei spennande stilling ledig for deg.
To av våre dyktige spesialsjukepleiarar går av med pensjon, og vi treng to dyktige miljøterapeutar, med autorisasjon for medikamentell behandling.
Det vil seie at vi ønskjer deg som er sjukepleiar eller vernepleiar, helst med vidareutdanning innan psykisk helse og rus.
Vi har to ledige stillingar i 100 % med 2 delt turnus, og 3 kvar helg. Vi har ein tverrfagleg personalgruppe, med ergoterapeut, aktivitør, sosionom, helsefagarbeidarar, vernepleiarar, sjukepleiarar, psykolog og to overlegar i psykiatri.
Døgnavdelinga har 18 sengeplassar, to av dei er brukerstyrte senger. Vi tilbyr både døgnbehandling og poliklinisk behandling (på dagtid). Det polikliniske arbeidet består av rTMS behandling, kor dei med behandlingsresistent depresjon får eit tilbod. Vi driv også med VR-behandling (virtual behandling) i forhold til angst og fobi-vanskar. Dette er noko vi ønskjer å utvikle vidare framover. Vi tilbyr utgreiing og behandling av psykiske vanskar, og blant annet brukar vi ECT som ein av fleire behandlingsmetodar.
Pasientgruppa blir søkt inn frå fastlege eller spesialisthelsetenesta, vi får også pasienter overført frå akuttavdelinga.
Arbeidsoppgåver
- Utgreiing og behandling av personer med psykiske vanskar
- Delta i tverrfagleg miljø
- Delta/leie ulike pasientgruppe i miljøterapi, treningsgruppe, undervisning
- Administrere medisinar
- Veilede studentar og personale
- Undervise pasientar og personale
- Psykoedukasjon til pasientar og pårørande
Kvalifikasjonar
- Sjukepleiar/vernepleiar med vidareutdanning i psykisk helsearbeid eller tilsvarande
- Sjukepleiar/vernepleiar med erfaring i psykiatri kan også søkje
- Erfaring med psykiatrisk arbeid vert vektlagt
- Kommunisere godt norsk, både muntleg og skriftleg
- Førerkort kl. B
Personlege eigenskapar
Du må kunne arbeide i tverrfagleg teamDu må kunne arbeide sjølvstendig, vere initiativrik, kreativ og positiv
Du må vere fleksibel
Du må trivast med friluftsliv og anna aktivitet
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderende arbeidsplass
- Lønn etter gjeldande overeinskomst
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Kontaktinformasjon
Torill Dyrli, Teamkoordinator, +4740068296Eli Skaug, Seksjonsleiar, +47 92290610
Arbeidsstad
Norddalsveien 376516 Kristiansund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 4712885013
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.01.2024
Søknadsfrist: 29.10.2023
Annonseinformasjon
- FINN-kode 323867658
- Sist endret